Første dag

Fem forventningsfulle journalistpraktikantar i kull 13 er på plass i Førde og har hatt sin første dag i Nynorsk avissenter. Bli kjent-runde i Firda og på byen høyrer med, men allereie andre dag er dei i gang med å skrive sine første artiklar – personlege petitar som kjem på trykk i Firda kommande laurdag og deretter som blogg her på heimesida.

På bildet frå venstre: Oda Heggedal Longvastøl, Emma Johnsen Rødli, Karoline Nordgulen, Anne Sigrid Timberlid Hundere og Peder Skjelten. Foto: Bent Are Iversen