Anne Sigrid Timberlid Hundere

Anne Sigrid Timberlid Hundere frå Sogndal er praktikant i Nynorsk Avissenter sitt 13. kull hausten 2019. Foto: Bent Are Iversen

Tilståing frå syklist av verste sort

Eg er oppe på gangfeltet, syklar raskt i mellom to fotgjengarar. Så ser eg ein sølepytt. Det er mange av dei, dei går godt saman med eit hol eller to i vegen. Eg fortar meg ned frå gangfeltet og syklar langs bilvegen. Syklar i nokre minutt, men merkar at bilane hopar seg opp bak. Fortar meg opp igjen på gangfeltet. Sikksakkøyringa held fram, der sølepyttar og fotgjengarar er mine slalåmportar.

Slik ser gjerne morgonen min ut. Ein evig runddans av stress, irritasjon og sykkelglede ned Angedalsvegen. Ein kan finne mangt eit paradoks her i livet. Som at dei med dyrast treningsutstyr gjerne er i dårlegast form, eller det at ein kan elske å ha det ryddig, men samstundes hatar å rydde. Men det største paradokset eg har møtt på til no i livet, er sykkelbyen Førde. Eller som kommunen sine heimesider lovar; ein miljøvennleg og sikker trafikksituasjon.

Eg trudde kunsten å sykle var noko eg kunne. Så vidt eg veit har eg knapt brukt støttehjul. Om kjede på sykkelen dett av, er eg typen som har stålkontroll. Eg kan fikse det på eit halvt minutt, utan å få spor av olje på henda. Nokre år som student har også lært meg å takle kombinasjonen av trikkeskinner, bilar og sykkel i Oslogryta.

Sjølvtilliten var det med andre ord ikkje noko i vegen med, heilt til eg møtte sykkelbyen Førde. For i sykkelbyen Førde finst det knapt sykkelvegar. Men ein heil del trafikk, fotgjengarar, halvdårlege fortau og regn. Å sykle til jobb om morgonen i denne byen er ein prøvelse av dei sjeldne. Sikksakkøyringa mi om morgonen på veg til jobb vitnar om alt anna ein stabil trafikksituasjon.

Eg beklagar til fotgjengarar og bilistar, eg er verste typen syklist. Men skulda vel eg å legge på Førde by. Teorien, den tilseier ein roleg og tilrettelagd sykkeltur til jobb. Fornufta derimot, den fortel meg at eg, med hjartet i halsen, må unngå fotgjengarar, bilistar, syklistar og slagholer med knappast mogeleg margin. Snakk om paradoks.

Frå «fake news» i Sogndalsdalen til røynda i SunnfjorD

«Ja, då skal du vel skrive eit sånt halv-kleint innlegg i Firda då», var søskenbarnet mitt sin første kommentar til at eg skulle byrje som praktikant hjå Nynorsk avissenter. Og der fekk han jammen heilt rett. Endeleg er tida inne for å vende tilbake til trivselsfylket. Når Sogndal vart for lite, flytta eg til Bergen for å studere. Når eg vart lei av regnet i Bergen, flytta eg til Oslo. Og no som mangelen på fjell i Oslo vart litt for påfallande, passa det perfekt med ein «liten snue» innom Førde.

Som lita laga eg mi eiga avis, der eg ihuga skreiv nyheiter om familiemedlemmer. Ettersom det var nokså lite å rapportere om frå garden heime i Sogndalsdalen, var eg raskt ute med å finne på mine eigne nyheiter. Så ikkje for å skryte, men eg var vel strengt tatt forut mi tid med «fake news».

No gleder eg meg til å verkeleg ta tak i journalistdraumen. Til å skrive om kva som rører seg i samfunnet, bli kjent med Sunnfjord og bli ein god nynorskskrivande journalist. Ikkje minst blir det kjekt å sleppe å finne på mine eigne nyheiter, det er jo eit fæla arbeid å måtte finne på alle desse falske nyheitene, trass alt.