Close

Feira 15 år

Del innlegg

Gratulasjonar til NRK Nynorsk Mediesenter som feira 15 år den 2. september. Saman med Magni Øvrebotten, leiar for senteret gjennom alle 15 år, kunne noverande og tidlegare praktikantar og medarbeidarar stille opp til fotografering utanfor NRK Sogn og Fjordane. I eit historisk attersyn fortalde Øvrebotten om korleis mediesenteret vart berginga for distriktskontoret. Dåverande kulturminister Valgerd Svarstad Haugland, som generalforsamling for NRK, stoppa styrevedtaket om å legge NRK Sogn og Fjordane administrativt under distriktskontoret i Bergen, og statsråden kom sjølv til Førde for offisiell opning av mediesenteret 2. september 2004. Sidan den gongen har Øvrebotten og kollegaene hennar lært opp 150 nynorskpraktikantar. Nærmare 60 prosent av dei 150 arbeider i dag i media, nær 40 prosent i NRK.

Ikkje berre for rekrutteringa, men også for arbeidsmiljøet i NRK Sogn og Fjordane, har mediesenteret hatt stor verdi. Det vart understreka av distriktsredaktør Terje Gilleshammer. Han la også vekt på kva praktikantane har å seie for nynorsken og for nynorskprosenten i NRK.

I 2013 fekk mediesenteret ein avleggar i Nynorsk avissenter. Modellen var NRK Nynorsk mediesenter, og Magni Øvrebotten var med i styringsgruppa. 19. august kom første kullet i gang. Både den gongen og i dag er det tett samarbeid mellom mediesenteret og avissenteret, som til saman har lært opp 200 nynorskpraktikantar i journalistikk.