Oda Heggedal Longvastøl

Oda Heggedal Longvastøl frå Naustdal er praktikant i Nynorsk Avissenter sitt 13. kull hausten 2019. Foto: Bent Are Iversen

– Eg er hamna på køyret. I ein altfor ung alder

Eg er hamna på køyret. I ein altfor ung alder. Eg har ikkje nokon grunn. Ingen småungar som held meg vaken om natta. Ikkje ein spesielt stressande kvardag. Eg er ikkje begynt å dra på åra. Likevel er eg hamna på køyret.

Eg er hamna på middagslurkøyret. I ein alder av 26 år. I mitt hovud skal eg ikkje vere den typiske ettemiddagsdøsaren. Det er ein person som er grå i håret, et middag i totida for deretter sove middag. Etter luren set han seg i godstolen med pledd og briller for å vente på at Dagsrevyen begynner. Om godstolen ikkje er altfor god, noko den ofte er, går han ein tur før senga kallar i nitida. Det er ikkje meg. Eller?

Ein vanleg dag kjem eg heim frå jobb i firetida. Eg er ofte litt sliten og skal nett berre kvile ei lita stund, før middag, trening eller anna ventar. Eg legg meg i senga og sloknar straks. Omkring ein time seinare vaknar eg. Eg er ikkje utkvilt. Eg er derimot tung i hovudet og meir sliten enn før luren. Søv eg endå lenger, risikerer eg å vakne utan å vite kva hundreår eg er i.

Eg veit at det blir slik. Likevel gjer eg det gong på gong. Eg vil ikkje fortsette slik. Eg treng hjelp. Ein seier at første steg på vegen mot betring er å erkjenne at ein har eit problem. Eg er såleis på god veg.

Hittil denne veka har eg klart meg utan ein lur. Eg veit at freistinga vil kome. Eg søker derfor råd. På internett.

Eg ser fort at eg gjer mange feil. Eg mistenker at det er fleire i same båt. Eg skal derfor spreie noko av det som står i den anerkjende artikkelen «How to power nap like a pro». Der står det fleire tips. Mellom anna skal den optimale høneblunden vere på 15–20 minutt. Blir den lengre, hamnar ein i djup søvn. Dette er kunnskap, som eg strengt tatt har vore klar over, men ikkje har følgt.

Avslutningsvis i artikkelen får eg eit tips som overraskar meg, men som eg umedvite har følgt. Mang ein gong har eg kome heim, vore sliten og tenkt at kaffi gjer susen. Likevel har eg sovna rett etterpå. Det skal visst vere genialt. Her kjem hemmelegheita.

Koffeinen verkar først etter 20–45 minutt. Å drikke ein kopp kaffi og deretter sove siesta skal derfor vere ein perfekt kombinasjon. Det er visst ikkje så dumt med middagslur likevel. Utfordringa blir å sette alarmen på 20 minutt og ikkje ein time.

Kunsten å vere miljøvenleg

Dei fleste av oss skjønner at klimaendringane er menneskeskapte. Det er ingen fleire unnskyldningar. Vi må leve meir miljøvenleg. Eg prøvar. Eg et lite kjøt, handlar lite klede og syklar eller går om eg kan. Du tenker kanskje: veldig bra. Det gjer eg også. Av og til.

Så kvifor har eg ein klump i magen? Dei som kjenner meg, veit at eg aldri har vore nokon kjøtelskar. Å ete lite kjøt er lett for meg. Å shoppe har eg heller aldri likt noko særleg. Eg held ut i ein time. I ein alder av 26 år er det litt flautt at mor mi har kjøpt dei fleste av dongeribuksene mine. Eg hatar å prøve klede. Å ikkje skifte ut garderoben kvar sesong fell med andre ord ganske naturleg. I tillegg er eg ein friskus som likar å gå eller å sykle. Det er grunnen til klumpen i magen. Det er ei stemme i meg som seier at dei vala eg tar, kostar meg lite. Du må ofre noko. Ta nokre val som svir. Og eg veit kva dette er. Dette miljøtiltaket som er vanskeleg for meg å gjennomføre. Dette tiltaket som vil svi. Å fly mindre og kortare.

Fly er klimaversting. Samstundes er det å reise noko av det mest spennande eg veit. Ofte vil eg reise langt. No om dagen fantaserer eg om å reise til Argentina og Chile. Eg veit at eg kan ete alle dei bønnene og linsene eg vil, men i det eg set meg på flyet til Sør-Amerika, er klimarekneskapen i minus.

Eg vil leve miljøvenleg, men utan å ofre noko. Det er ein kunst, og eg veit ikkje om det er mogleg. Det er derfor eg sit med ein klump i magen. Ute auser regnet ned, temperaturen bikkar ti grader og det rasar frå fjella. Hauststormane er i gang på Vestlandet. Eg sit inne og drøymer meg vekk til varmare strøk. Aller helst til andre sida av jorda. Eg drøymer meg vekk til Buenos Aires og fjella i Patagonia. I nokre minutt har eg flykta frå ein grå tysdag til sol, høge fjell og god mat. Det er mykje som er fint med å drøyme. For det første er det klimavenleg. Billig er det også.

Rykker tilbake til starT

Heime i Naustdal er eg vaksen opp med haugar av aviser og ein skrivande far. Interessa for språk og nyheiter har eg med meg derfrå. Eg har likevel ikkje vore så oppteken av norsk, for det kan eg jo allereie. Eg ville reise vekk og lære nye språk, bli kjent med nye menneske og kulturar. Eg flytta derfor frå Sunnfjord, og har sidan budd i Trondheim, Sør-Amerika og Austerrike.

I Trondheim tok eg ein master i samfunnsøkonomi og stortreivst. Austlendingane kunne klage på ustabilt vêr og motbakkar. Eg syntest vêret var fint, det var jo mest opplett. Det dei såg på som harde motbakkar, fnyste eg av. Skulevegen min i barndommen var brattare. Sjølv om eg stortreivst i Trondheim, merka eg likevel at det var noko eg sakna. Fjell! Altså skikkelege fjell.

Etter sju år er eg derfor tilbake på Vestlandet. Det er vått og bratt. Det første blir eg tidvis lei. Sistnemnde er som sagt ein av grunnane til at eg er tilbake. Som mange andre vestlendingar stikk eg derfor ofte til fjells. Alternativa er å gå ut om det er ei lita opning eller bli våt. Ofte gjer eg det første, men blir våt likevel.

Når det gjeld språk, blir det fint å ikkje lenger vere den einaste som skriv nynorsk. Det kan også bli mindre underhaldande. Eg tvilar på at eg her vil få spørsmål som «kvifor skriv du på dialekt?» då det eg har skrive er på nynorsk.