Frå Sunnmøre til Nordhordland

Synne Grimen Hammervoll frå kull 12 er på flyttefot frå Sunnmørsposten i Ålesund til Avisa Nordhordland i Knarvik. – Eg har hatt fire strålande månader på Sunnmøre og har fått brynt meg på mange forskjellige saker, seier Synne etter praksistid og deretter eit utvida sommarvikariat ut august. I Nordhordland har ho fått tilbod om fem månader i første omgang.

Synne er frå Kaupanger i Sogn, og to andre sogningar er også på flyttefot i desse dagar. Både Marte Husabø og Hilde Greve Mo er frå Leikanger, og begge to hadde sin siste arbeidsdag i Firda før månadsskiftet. Marte frå kull 12 har hatt både praksistid og vikariat i Firda før ho no vender tilbake til TV 2 i Bergen. Hilde frå kull 11 har vore journalist i Firda frå årsskiftet. Ho hadde eit vikariat i Firda då ho slo til på eit tilbod om fast stilling i informasjonsavdelinga i Norges Blindeforbund i Oslo.

Dei takkar begge for ei kjekk og lærerik tid i Førde. – Eg kjem til å sakne den gode stemninga på jobb, alle fine folka, utfordringar, lappane til Hagny og alt det andre, skriv Marte i helsing til kollegaene.

Systrendingane Marte Husabø og Hilde Greve Mo (t.h.) saman på vakt på nettdesken i Firda.