Close

Nyhende

Kulturministeren på besøk

– At aviser skriv nynorsk er heilt avgjerande for å ta vare på språket vårt, sa kulturminister Lubna Jaffery då ho besøkte Nynorsk avissenter. Nynorsk avissenter er ei stifting som i hovudsak er finansiert frå kulturdepartementet, og er eit nasjonalt opplæringstiltak. Derfor var det ekstra stas å få besøk av […]

Read More

Nye praktikantar på plass

Onsdag hadde Marita Liabø, Johan Knutsen, Eros Coratti og Oda Sundgot sin første arbeidsdag i Nynorsk avissenter i Førde. – Det er alltid spennande å gå i gang med eit nytt kull. Det ser lovande ut, seier dagleg leiar i Nynorsk avissenter, Ingunn Osland. Vi held til i Nynorskhuset midt […]

Read More

Fekk fagleg påfyll frå nynorskens «høgborg»

På måndag drista vi oss ut på delvis snødekte vegar, heile vegen til Aasentunet i Hovdebygda mellom Ørsta og Volda.  Dette er altså staden der nynorskens far, Ivar Aasen vaks opp. Aasentunet er både eit museum, arkiv, bibliotek og opplevingssenter der Ivar Aasen og nynorsken er hovudtema. Praktikantane til NRK […]

Read More

Her er kull 22

Dei fem praktikantane som utgjer kull 22 på Nynorsk avissenter klare.  Carina Helseth (25), Marita Liabø (52), Johan Knutsen (32), Oda Sundgot (22) og Eros Coratti (31) kjem til Førde, Nynorskhuset og Nynorsk avissenter 3. januar. Klare for fire månader med opplæring i avissenteret og skriving i Firda. Deretter skal […]

Read More

På tur med gode naboar

Å jobbe saman for eit felles mål er alltid engasjerande. Målet denne gongen var mat, og praktikantane på avissenteret og mediesenteret jobba og prata side om side. Leia av Kari Støfringsdal gjekk matlaginga som smurt. Og resultatet var fantastisk godt. Ei kyllingsuppe der ingen av ingrediensane var på boks eller […]

Read More

Nytt hus, nye moglegheiter

Nynorskhuset gir nye moglegheiter. Ikkje minst for Nynorsk avissenter og Nynorsk mediesenter.   No er Nynorsk avissenter på plass i nye lokale i Nynorskhuset. Det har vore mykje bering, opphenging, skruing av møblar og testing av tekniske ordningar dei siste vekene. Men det er heilt greitt, for resultatet er blitt […]

Read More