Close

Nyhende

Klar for Førde, Haugesund, Oslo og Ålesund

Under dagens julelunsj i Firda-kantina vanka det mange godord. Dei fem praktikantane i kull 15 har med glans gjennomført den fire månader lange opplæringa i Førde, og skal no ut i praksis i januar og februar. Natalie, Sofie, Synne, Taline og Øystein har oppnådd noko som ingen andre kull før […]

Read More

Dette er kull 16

Så er det endeleg klart. Dette er dei fire heldige som kom gjennom nålauget og fekk plass i kull 16 ved Nynorsk avissenter: Bjørn Sølsnæs, Kristiane Nerdrum Bøgwald, Severine Jarnes og Hanna Torsdotter Husabø. Dei får sin første arbeidsdag på nyåret, nærmare bestemt måndag 4. januar. Deretter ventar seks intense […]

Read More

Gode søkjartal til vårkullet

Heile 26 søknader låg i bunken då søknadsfristen til kull 16 gjekk ut sist natt. Det er ein soleklar rekord for vårkullet, som tradisjonelt er mindre søkt enn kullet som startar i august. Blant søkjarane er 16 kvinner og 10 menn. At fleire kvinner enn menn søkjer, har vore regelen […]

Read More

I front på årets nyheitsnettstad

Denne veka har praktikantane prøvd seg som frontredigerarar i Firda. På nyheitsdesken har utviklingsredaktør Marie Havnen delt kunnskap og smarte grep for å fange interessa hos lesarane. Det er som kjent sjeldan lurt å gå over bekken etter vatn, og like unødvendig er det å gå til andre enn firda.no […]

Read More

Med mobiltelefon på direkten

På lufta direkte frå NRK-doen i Førde. Det var eitt av fleire kreative påfunn då praktikantane prøvde seg på direktesending i dag. Utstyrt med iPhone har dei i to dagar vore «mobiljournalistar», der telefonen er det viktigaste verktøyet. Dei filmar, redigerer, overfører – med seg sjølv både framfor og bak […]

Read More

Koronaen stoppa ikkje Silje

Silje Kristin Guddal hadde ingen vanskar med å nå fram til dei ti journalistpraktikantane i Førde. Sjølv om ho sat i Stryn, fekk ho tydeleg formidla bodskapen sin i føredraget «Nordre Bergenhus Amt»: Dette landskapet nord i Vestland er eit eldorado for journalistar! Praktikantane hadde mange spørsmål, og den tidlegare […]

Read More

Kull 15 er i full sving

Alltid høgtid når eit nytt kull nynorskpraktikantar går inn dørene til Firda-huset, finn plass hos Nynorsk avissenter og motivert fortel om forventningane til det kommande halvåret. Natalie Liabø Hermansen, Sofie Retterstøl Olaisen, Synne Muren Olsen, Taline Vinjevoll Årdal og Øystein Silde Frønsdal i kull 15 har allereie gjort seg kjende […]

Read More