Close

Hausten 2013

Spring for livet

På veg heim frå London i sommar braut eg lova på det grovaste. Tryggingskontrollen på flyplassen kontakta politiet. Pulsslaga hamra i meg. Eg spurde om dei kunne gløyme heile greia og eg krympa meg for å stå fram som ei forsvarslaus, lita jente. I ein halv augeblink tenkte eg på å […]

Read More

I verpeklar alder

I dag ramla innbydinga ned i postkassa. Duftande av potpurri og med duse pastellar på glansa ark. Venninna mi har funne sin utvalde. Ho skal gifte seg med ei kvinne. Det er i slike høve, det svir litt. Her sit eg, åleine og singel som aldri før, mens kulden set inn […]

Read More

Med livet som innsats

Etter at eg busette meg i Førde, slost eg kvar dag. Motstandaren min slukar alt. Det er meg mot søppelbøtta. Motvillig, slepp eg plastbegeret ned i det store gapet. Eg kjenner det knyt seg, medan samvit og frustrasjon, pirkar meg heilt inn i beinmergen. Sjampo, frukt, ja det meste, kjem […]

Read More

Natur på steroidar

Eg har høyrd lovord om eksotisk natur i Sogn og Fjordane. For å vera heilt ærleg, så trudde eg at det heile var litt opphausa. Som hallingdøl veit eg kva fjell er. Der har eg boltra meg sidan eg var småjente. Seinare har eg søkt fjell i Afrika, for å […]

Read More

Fingrar til bry

Har du nokon gong tenkt på kva signal du sender når du snakkar? Éin ting er kva du seier med munnen, ein anna ting er kva du seier med resten av kroppen. Sjå på fingrane for eksempel. Tommelen blir brukt til å vise om noko er bra eller dårleg. Om du attpåtil […]

Read More

Damer på toppen

Klikk, klakk. Eit par høghæla sko går mot talarstolen. Sett vekk frå lyden av hælane er det heilt stille. Ein kan kjenne energien i rommet endre seg idet dei nærmar seg. Alle held pusten og ventar i spaning på kva som kjem. Klikk, klakk. Det er merkeleg kor mykje makt lydar […]

Read More

By vs. «by»

Det er ikkje få gangar eg har ledd litt av Førde som er så stolte av bystatusen sin. Ein by med knappe 12 000 menneske, kan det stemme? Kvar er det dei har fått denne bystatusen frå? Etter å ha budd her i nokre månadar har eg innsett ein ting. Det […]

Read More

Åleine på kino

Dei aller fleste vil ha selskap, anten det er ein mann, ei dame, ein katt eller ein hund. Då eg var 16 hadde eg ein vennegjeng som gjorde opp for at eg ikkje hadde kjærast. No når eg nærmar meg trettiåra byrjar det å bli tynna ut i singelrekkjene og […]

Read More

Best ilag

Som sogning er eg vant til å ha høge fjell rundt meg, men eg må innrømme at Hafstadkleiva var både lenger og brattare enn ved fyrste augekast. «Opp til masta der? Det ser ikkje så langt ut», sa eg. Eg tok feil. Vi vart invitert med Firda på treningstur, og […]

Read More

Kalvbeint og stolt

Eg er kalvbeint, fødd utan mellomrom mellom knea. Kallenamnet «Kalven» har fulgt meg gjennom 13 års skulegang. Medan fotballkarrieren vart nytta på innbytarbenken gjekk det ikkje éin dag utan at eg snubla i mine eigne bein på veg til skulen. Støtt låg eg med ansiktet i sølepytten og skrubbsår på […]

Read More