Close

Hausten 2015

Språket gjer meg sterkare

Nokre gongar når eg set meg ned og skal skrive, må eg byrje dei første linjene på bokmål. Akkurat slik som ein norsk artist vel å synge dei djupaste kjærleikslåtar på engelsk, må også eg framandgjere meg litt frå språket mitt. Berre for å kome i gang. Då kjennast det […]

Read More

Dit folk kjem for å døy

Eg har vakse opp ved fjorden på Sunnmøre. På Stranda. Eg veit ikkje heilt når eg begynte å hate plassen eg var frå. Kanskje halvvegs inn i ein Tore Renberg-roman. For eg følte meg verkeleg som Jarle Klepp då eg vandra gatelangs på Stranda med The Cure på øyret og […]

Read More

Oktoberknekken

Oktoberknekken er den tilstanden ein finn seg sjølv i dei første to, maks tre, vekene i oktober. Det er då alle rutinar bryt opp. Ein har vorte så komfortabel i kvardagen at ein gir slepp på dei stramme rammene ein har bygd opp. Når latteren i lokalet er lausare, og […]

Read More

Med lys i kortklipt hår

Heime hos meg har vi alltid feira Lucia. Med lussekattar laga etter alle kunstens reglar, og kvite kapper sydd av dei gamle gardinene på badet. Når kvelden kom, stod vi der med tindrande auge og song. Frå hus til hus gjekk vi og delte ut baksten vår. Den dag i […]

Read More

Språkleg sidesprang

For nokre år tilbake trudde ein kar frå Knarvik at han var komen til det punktet som kameratane hadde passert for lengst: at nynorsk ikkje var kult lenger, bokmål er best og trass alt eit språk alle forstår. At Bergen og bokmålet sluker strilane og omlandet var ikkje berre ein […]

Read More

Lyden av distriktsbyen

Alle byar med respekt for seg sjølv skal bråke litt. Det skal vere litt konstant bakgrunnsstøy frå trafikk, gneldrande bikkjer og andre udefinerbare lydar. For lydnivået i ein by er ofte proporsjonalt med kor stor og utsvevande ein by er. Difor kan ein anta at det er meir bråk i […]

Read More

When in Sunnfjord…

Som student i Bergen kan du ikkje unngå dei. Dei er nærmast overalt, og verkar som nokre gløgge hovud med lun dialekt og glimt i auga, stort sett. For ein kan rett og slett ikkje mislike desse sogningane … «Ka sa du for nåke?! Eg e frå Sunnfjord!». Eg snur […]

Read More

Bruk refleks hjorten min

«Påkøyrd hjort ved Byrkjelo i Gloppen. Mindre skadar på vogntog. Viltnemnda varsla.» På dei fire første dagane i desember har minst åtte hjortar blitt påkøyrde her i fylket, ifølge politiet. Hjortane har altså rota seg ut på ein fylkes-,   riks- eller europaveg rett før den verste julestria og møtt […]

Read More

Eg vil berre gå i fred

Stundom er det godt å komme seg ut døra. Berre det å ta på seg jakka og stige ut i sola ein haustleg ettermiddag, og samtidig logge av frå Facebook, kjerringa og oppvasken. Det kan ein tidsnok stri med seinare. For det er godt å ta ein tur ut åleine. […]

Read More

Stempla av dialekta

Då eg var 18 år, kjøpte eg meg ein einvegsbillett ut av landet. Alle frå vidaregåande i Sogndal sette kursen mot Bergen eller Oslo. I mine auge var ikkje det langt nok. Eg var lei folka, språket, landet og ikkje minst bygdedyret. Det einaste eg ønska, var å starta med […]

Read More