Close

Hausten 2016

Klassebølla vann valet

Denne gongen var det bølla i klassen som vart vald til å representere elevane. Han som sit på bakre rad, med beina på bordet, og hiv papirkuler i bakhovudet på dei andre. Han som aldri gjere lekser, og som kjem med høglydte, stygge kommentarar. Han som alltid er tema på lærarrommet, og […]

Read More

Dei «store» kvardagsproblema

Kor mange gonger har ein ikkje vore i matbutikken, og irritert seg over at nok ein gong hamna ein i den køen som beveger seg desidert seinast framover? Vi stønnar utolmodig når den eldre dama, som står tre personar framfor oss skal betale. Ho tømer like godt heile taska med småmyntar […]

Read More

Det frie mennesket

På ein stille fjord høyrer ein plutseleg ørsmå skvulp. Ei åre skjer gjennom vassflata, og ein kajakk glir lydlaust gjennom vatnet. Mennesket som sit oppi, har i byrjinga padla ustødig, oppjaga, og med mange tankar i hovudet. I eit desperat forsøk på å både padle og sjekke eposten på mobilen, endrar tyngdepunktet […]

Read More

Danningsferd i Sunnfjord

Mamma gjekk i si ungdomstid rundt i ei t-skjorte med teksten «Snakk dialekt, skriv nynorsk». Seinast i sommar drog ho meg og tvillingsøstera mi med til Arne Garborg si skrivestove, Knudaheio. Danning heiter det visst. Å nytte ei anna målform enn nynorsk, har aldri vore eit alternativ for meg. Nynorsk har […]

Read More

Eg er eit miljøsvin

Når det kjem til miljøet, skal eg ærleg innrømme at eg er ein hyklar. Eg har ei sterk meining om at politikarane i Norge, og i verda elles, må få ræva i gir, ta innover seg det ekspertane og forskarane seier, og gjere noko for å stoppe utviklinga som kjem til […]

Read More

Taco og omskjering

Tradisjon – smak litt på ordet. Det er varmt og trygt og hyggeleg og luktar av peparkakedeig, fredagstaco og smeltande iskrem i barnetoget på grunnlovsdagen. Det er å gå på den same restauranten kvar gong du skal ut å ete, for då veit du at du får noko du likar. Tradisjon […]

Read More

Ikkje min feil, vel

Eg vart fødd 12 dagar etter termin. Pappa pleier å seie at eg aldri har tatt den tida igjen. Du skjønar, det er ikkje min feil. Eg hadde gode intensjonar. Eg hadde planar om å komme tidsnok, å ta ut søppelet, å svare på den eposten. Men noko kom opp – eg […]

Read More

Usosiale medium?

Det er ei velkjent scene. Tre gode vener sit i eit rom, i kvar sin stol, med smarttelefonen i handa og stirer inn i kvar sin skjerm. Ingen har ytra eitt ord på fleire minutt, så oppslukte er dei av det som går føre seg på Facebook, Instagram og Snapchat. Det […]

Read More

Eventyrlyst og heimlengsel

Kall det blanke ark, rastløyse eller nysgjerrigheit; då eg var ferdig på vidaregåande var planen klar. Eg skulle ut og utforske verda. Eg sat oppe om natta og studerte verdskart, drøymde om storbyar og skyfri himmel tre dagar på rad, om spenning og opplevingar som det er underskot på i Norge. […]

Read More

2016: Året på skeiva

2016 syng på siste verset. Det skjønar ein når ein ikkje lenger ensar oppkava jolehandlarar eller den femte nyheitssaka om at det ikkje vert ei kvit jol likevel. Meininga er vel å sjå framover, men det går ikkje heilt utan å sjå tilbake, så mykje tull og fanteri som 2016 har […]

Read More