Close

Hausten 2017

Snikande patriotar

Då eg kom til Førde, var eg innbitt overtydd om at eg kom til å hate å bu her. Dette var vestlendingane fullt klar over, dei aksepterte overraskande nok hatet mot bygda. Eg møtte lite hets, ingen skulda meg for indirekte å ha drepe sauene deira, i kraft av å […]

Read More

Sjå opp for ville vesten

I desse dagar vert det snakka mykje om lausriving. Catalonia vil lausrive seg frå Spania, og norske kommentatorar dreg linjer til eit lausrive Vestland, ein stat som sit igjen med alle oljepengane og store delar av Norges energiressursar. Eg trur ikkje vi har reflektert nok over kor vakker ei vestlandsk […]

Read More

Jesus, kyr og Ivar Aasen

På jobbintervju i Nynorsk avissenter blei eg fortalt at dei mest irriterande austlendingane blei nynorskfrelste av å jobbe i Firda. Nett då syntest eg vestlendingen var vel hovmodig, som samanlikna eiga målform med religion. I dag er eg meir tvilande. Dei seier tru kan flytte fjell, og no har trass […]

Read More

Hallejula du glitrande

Hallejula du grøne og glitrande med kjære og nære eller utan nære alt etter kven du er og kor, og kva kort du har fått delt ut på moder jord. Eg skal heim til min fødestad, og for ein gongs skuld skal heile familien samlast heime hos foreldra mine, attpåtil […]

Read More

Sofa

Kan du førestille deg eit liv utan sofa? Denne hausten i Førde har eg levd utan. Eg skal love deg at det ikkje er det same å sitte rett opp og ned i ein skinnstol, same kor god stolen er å sitte i. Å ligge i slapp sofapositur er eit […]

Read More

Å bygge opp att ein heim

Kva er ein heim? Ein eg intervjua ein gong, meinte at det minste kriteriet for ein heim er at ein kjenner seg trygg der. Kva er tryggleik? Kanskje at ein stoler på at eigne grenser er godt ivaretekne. At ein har dekt behov som tak over hovudet, vatn, moglegheit til […]

Read More

Rakavan og dei smilande mennene

Eg lærte ein gong at dersom teksten seier ein ting og det er bilde av noko heilt anna, så trur lesaren at saka handlar om det bildet fortel. Les du om ein hest og ser eit bilde av ei ku, så kan det hende du trur saka handlar om ei […]

Read More

Ferd mot fjell

Fjell. Høgreiste, vakre og mektige. Ein gong nedtyngde av isbrear som med enormt tolmod har skura berg, flytta stein og skapt landskapet om til det vi ser i dag. År etter år. Fjellandskapet vitnar om at tida er så uendeleg mykje større enn våre små snøfnugg av nokre liv. Og […]

Read More

Alvorleg, som vanleg

Sjå for deg at nokon du kjenner godt – kanskje ein ven, kanskje ein familiemedlem – endrar sakte, men sikkert, personlegdom. De kranglar stadig. Før de er vener att og alt er gløymt. Personen nær deg skiftar mellom å vere sint og tverr, eller ha ein heilt vanleg dag. Korleis […]

Read More

Sau er lik lommerusk

Eg likar jobben min som gardsjente, det er gjevande å jobbe med dyr og stelle fint med dei, sjølv om eg veit at lagnaden deira er å hamne på middagsbordet ditt. Hausten er tida for dette. Høgt til fjells. Sanking, og så slakting. På Nortura sine nettsider les eg ut […]

Read More