Close

Praktikant

Den gule boka

Den gule nynorskordboka mi ser ikkje ut! Fargen er falma, permen er skrukkete og sidene brunfarga. Utan å ha ei god forklaring på kvifor, har boka blitt med meg på ferda. Ho blei sittande stille på ei hylle medan eg las statsvitskap på bokmål, dansk, tysk og engelsk. Det er […]

Read More

Talemålsuppa

Det var det hersens spørsmålet som alltid luskar i hjørnet kvar gong eg møter nye menneske. «Kor kjem du frå?» Det er ikkje namnet eller andletet mitt dei meiner. Det er den samanraska, sprikande og uplasserlege dialekten som ikkje passar inn nokon stad. Alle i Norge kan bli sortert i […]

Read More

Frå bysoss til fjordtulling

Eg har alltid vore bygut. Kanskje har eg prøvd å distansere meg frå det: Eg har gått landbruk, og eg har wunderbaum og nikkedokke i bilen. Men til sjuande og sist så er eg frå byen Gjøvik. Og til folk som kanskje stussar: Gjøvik er ikkje på Toten. Eg flytta […]

Read More

Angrerett

Eg hugsar framleis dagen eg slutta å skrive nynorsk. Då eg byrja på ungdomsskulen, vart nynorsk- og bokmålselevane blanda. Eg hadde framleis nynorsk som hovudmål, men enda opp i klasse med ein gjeng populære bokmålsbrukarar. Og for å passe betre inn, bytte eg frå å skrive nynorsk til bokmål. Augneblinken […]

Read More

Til agitasjon for nynorsken

Eg voks opp på Lønning gard i det fagre øyriket Sunnhordland. Trass i den naturreine venleiken og det overveldande tilgjenget til gardsressursar i form av vegetasjon, blomar, grønsaker og dyr, har eg stendig fått høyra at garden ikkje vil vera eit tilstrekkeleg levebrød. Stundom har eg vore uviss på korleis […]

Read More

Førde, Firda, førarkort

Eg har nekta for at eg kom til å skaffe meg førarkort i nesten ti år. Det var korkje eit ynskje eller eit behov for meg som vaks opp fysisk i Trondheim, og politisk i miljørørsla. Mykje har skjedd på dei ti åra. No har eg praktikantplass på Nynorsk avissenter, […]

Read More

Farvel pandemistorbydrit

Det var i åttetida på kvelden mailen tikka inn. Eg opna telefonen med spente fingrar. Hjartet banka då eg skumma gjennom teksten med målretta auge. Hjartet slo raskare no. Eg stoppa opp. Der stod det. Svart på kvitt. Eg var kalla inn på intervju. Eg kjente noko pompøst breie seg […]

Read More

Vegkrysset mitt

E39 er ikkje den strakaste vegen. Mellom heimbyen Bergen og Ålesund, som slekta mi kjem frå, snirklar asfalt og gardar seg mellom svoltne sauer og frodige fjell. Og midt i hovudpulsåra ligg vegkrysset i mitt liv. Ikkje byen eg vaks opp i, men staden eg vaks opp med. Førde. For […]

Read More