Close

Våren 2016

Gut (8) møtte maskin

I 1977 sa Ken Olson, sjef for eit større IT-selskap i USA dei velvalde orda: «Det er ingen grunn til at nokon skulle ønske å ha ei datamaskin i heimen». Han tok grundig feil. I dag er datamaskina ein like sentral del av husstaden som toalettpapiret. Samstundes er det tankevekkande […]

Read More

Person utan fjes

Vi går på butikken for å handle. Møter nokon vi kjenner og snakkar om laust og fast. Ler saman av dårlige vitsar. Inviterer på besøk, snakkar om neste gong vi skal ete middag hos kvarandre. Fortel korleis det går med ryggplagene og eldste dottera som har flytta til byen. Medan […]

Read More

Basar på bygdehuset

Det er basar på bygdehuset. Sveler blir steikt i eit forrykande tempo. Eimen av kaffi ligg som eit teppe av tåregass. Latteren ljomar i veggane som eit fjell som lagar ekko av alt det som blir fortalt. Kvar og ein deler seg sjølv med bygda. Gamle Gunn sit saman med […]

Read More

Oppskrift på livet

Ingrediensar: Kjøt, tankar, jobb, fritid, kjærleik, familie, pengar, sorg, glede, innsikt, utsikt, død og diverse krydder. Forarbeid: Byrjinga av prosessen er ikkje særleg lett å styre. Her er andre kokkar enn deg sjølv som tek kontroll. La desse kokkane tilsette ingrediensar i 0–18 år. Ta delvis over styringa undervegs, men ikkje ta […]

Read More

Potetåkeren

Dette er historia om potetåkeren. Ein svært gammal ein. Bøndene har sådd og hausta her lenger enn nokon kan hugse. Ingen av bøndene er samde om kva tid åkeren oppstod, men alle har eigne forklaringar. Kven, kva, kvar, kvifor, spør dei seg og viser fram gamle bøker som bevis på […]

Read More

To nynorskafrikanarar

Hin dagen stod eg på Firda billag og venta på bussen. Der opplevde eg noko vedunderleg. Ved sida av meg stod to farga menn, som ut ifrå aksenten sin truleg kom frå den nordlege delen av Afrikakontinentet. Mange, deriblant meg sjølv, sit med ei stereotyp førestilling om at innvandrarar alltid snakkar […]

Read More

Fjeset skal med

Fjeset skal med, koste kva det koste vil. Skal du fortelje at du har fått lappen? Sjølvi med køyrelæraren. Skryte av at du har fått ny jobb? Sjølvi med ID-kortet i handa. Vise fram juletreet? Sjølvi med juletreet i bakgrunnen. Instagram er ein fascinerande stad. I motsetning til Facebook er det […]

Read More

Derfor vil Ivar bli journalist

Kva heiter du på nettby.no? Det var dette spørsmålet som lokka meg inn i sosiale medium, ein gong tidleg på 2000-talet. I frykt for å tilstå at eg enno ikkje var del av dåtidas fjesbok, svarte eg med eit eller anna kallenamn som berre ein kriseramma sjetteklassing kan lire av […]

Read More

Retusjert sanning

Eg sat på bussen for nokre veker sidan, der bussjåføren hadde stilt høgt volum på radioen. To menn snakka om korleis retusjering av landskapsfoto lurer turistar som kjem til Norge. «Dei har sett fantastiske nordlysbilde, og blir skuffa når dei ser det med eigne auge», sa ein av dei. Ja, for […]

Read More

Underhaldning til folket

Ein gong eg var på bar i hovudstaden, blei eg forfølgd av ei særs full dame som sa ho jobba i TV 3. Kvinna ville ha meg med som deltakar i realityprogrammet «Paradise Hotel». Trass i at eg takka pent nei fleire gonger, spurde ho meg alle moglege spørsmål, og det […]

Read More