Close

Våren 2017

Men opp kom eg!

Juni 2016: Klokka nærmar seg to på natta. Trur eg. Telefonbatteriet har trekt sitt siste sukk. Eg sit på ein stein midt i ei bratt fjellside og tvinnar tomlar. Høyrer på skogen og lurar på kor mange fjellvettreglar eg har halde meg for god for. Ventar på at nokon skal […]

Read More

Alt kjem for ein dag

– Alt kjem for ein dag, seier mor mi. Setninga er velbrukt. Hadde den vore fottøy, ville den stått på trappa med glis i kvar saum, i lag med fjellskoa til bestemor. Men det er lett å utnytte tankeløyse hos andre. Eg er ikkje åleine om å høyre at det […]

Read More

På date med asfalten

Denne årstida er perfekt for klønete åtferd. Sjukehusa får nye pasientar med fallskader kvar islagde dag. Kvar gong eg tek på meg sko med høge hælar, ser eg føre meg korleis eg ser ut når eg går på trynet. Når eg går opp eller ned ei trapp òg. For eg […]

Read More

Ein liten lapp med lim på

Eg har ein bunke med klistremerke liggjande i ei hylle. Dei er små, grå og firkanta. Kjedelege, eigentleg. Men på dei står det «You are beautiful». Du er vakker, på norsk. Vi Nordmenn har eit rykte på oss for å vere kalde, uhøflege og inneslutta. Ein irsk ven av meg […]

Read More

Lausbikkje på nytt spor

Har du køyrt hovudet inn i peisen? Lo slekta då eg svartsminka auga mine i fjortenårsalderen. Eg fann stabilitet i å skilje meg ut frå fødselen av, som menneske med armdysmeli. No er eg bachelor i journalistikk, og lausbikkje på arbeidsmarknaden. Ei av svært mange. Det var skrivinga som drog […]

Read More

Regionstein m.m.

Sogn og Fjordane har eklogitt som fylkesstein, medan Hordaland har koronitt. Fylkesblomen i fjordafylket er revebjølle, medan dei sønnafor føretrekker kusymre. Gjerdesmett er fylkesfuglen her, medan kvitryggsmett er favoritten i Hordaland. Dei ansvarlege bak regionreforma har ikkje teke innover seg den gryande kulturkampen, når to fylke no skal semjast om dei viktige symbola som me kan […]

Read More

Kompromiss på 1-2-3

Kommunesamanslåing er kompromiss. Me lyt leggja til side nokre kjepphestar for å tekkjast naboane. Symbola er gjerne dei vanskelegaste. Kvar ordføraren skal ha kontor, korleis kommunevåpenet skal sjå ut, og sjølvsagt: kva kommunen skal heite. Då Firda bestilte meiningsmåling om kva kommunenamn folket ville ha, skåra Sunnfjord og Indre Sunnfjord nedst hjå […]

Read More

Trivselsfaktoren

Den færøyske avisa Dimmalætting kunne i veka stolt melda at færøyingane brukar minst viagra i Norden. Færøyingane brukar berre halvparten så mykje som dei naturlege rivalane i Danmark. Finnane er dei verste, og brukar fem gongar så mykje potensmiddel som øynaboane våre ute i havet. Sjølvsagt er Sogn og Fjordane […]

Read More

Sanning og forbanna dikt

I 1998 vart den amerikanske journalisten Stephen Glass avslørt for å ha skrive falske reportasjar for den amerikanske vekeavisa The New Republic. Glass skreiv om fyllefestar i studentorganisasjonen til det republikanske partiet, ein ungdom som fekk jobb i selskapet han hacka datasystemet til, og om narkotikapolitikk. Alt heilt eller delvis […]

Read More

Media ventar på ein styrmann

Journalistikken har dei siste åra tatt ein støyt. Overgang frå papir til nett minska talet på journalistar betrakteleg. Lesarane vert irriterte av titlar berre laga for å lokke dei frå sosiale medium inn til avisas eigen nettstad. «Fake News» har det siste året øydelagt tilliten til den fjerde statsmakt hos […]

Read More