Close

Våren 2018

Stao no pao

Denne helga vert Eliteserien sparka i gang. For alle saftkokarar er det med eit hjartesukk, sidan årets Eliteserie går utan askeladden frå Sogndal. Ikkje før såret etter den brutale nedrykkskampen i Ranheim har grodd, blir Sogndal-supporterane brutalt minte på kvar deira skjebne for 2018 blei bestemt. Eliteserien opnar nemleg på […]

Read More

Heim til mor

«Heim til Mor» av Odd Nordstoga runga på anlegget. For det var nett det eg skulle, ein rask tur heim til Romsdalen. Men forsøket på å forlate Sogn og Fjordane tok ei brå vending langs Jølstravatnet. Fylket ville ikkje gje slepp på meg. Kanskje var det frykta for at eg […]

Read More

Titanic seglar vidare

«Vegen blir til mens du går han». Det var bodskapen frå rådgivaren. Eg lo litt for meg sjølv. Retorikken hennar var like lett å gjennomskode som korttrikset til ein tryllekunstnar på Manhattan. Ho dreiv allereie og førebudde dei som kom til å droppe ut. Eit førebyggande tiltak, for å minimere […]

Read More

Digital påske

Påska er over for denne gong, og knallvêret har blitt erstatta av snø, regn og anna elende. Med solbrente nasar kjem folk tilbake på jobb etter å ha hatt ein etterlengta ferie med familien. Kos, skiturar, blå Swix, Kvikk-Lunsj og appelsin er stikkorda. Men høgtider gir også gode moglegheiter for […]

Read More

Ope brev om skryt

Alle kjenner til dei, dei fleste har late seg irritere. Dei elskar seg sjølve, dei har inntatt og erobra sosiale medium og vi har endåtil ein ekstremvariant i det kvite hus. Vi snakkar om skrytarar. Ikkje om dei som skryter litt hist og pist. Det må vere lov. Dei det […]

Read More

Trafikken i Førde – Minutt for minutt

Eg hadde store forventingar om tilværet som bilist i Førde. For ein som ikkje er særleg glad i dei bergenske trafikkforholda, skulle det no blir andre bollar. Det blei det, men ikkje slik eg hadde tenkt. Vi må først ta ein avkøyrsel inn til Bergen, Nordens trafikale Aleppo. Her er […]

Read More

Attende til nynorsken

«Hugs bytekle» stod det på ein lapp eg fekk for litt sidan. Forundringa spreidde seg. Eg hadde høyrt om byfjella og bymarka, men dette var heilt nytt; «tekle?» Det tok ikkje mange sekund før eg forstod kva dei eigentleg meinte – eg er trass alt sunnfjording, halvt vel og merke. […]

Read More

Poesi og hjartespråk

Eg voks opp i ein heim med ein konservativ nynorsk. Sjølv om eg lærte meg å snakka stordamål, vart dialekten min sterkt påverka av skriftspråket, mellom anna på grunn av ein far som var målmann og norsklektor. I heimen hende det tidt og ofte at me retta på kvarandre når […]

Read More

Mannen i mitt liv

Eg har møtt mannen i mitt liv. Han er teit, sånn halvvegs morosam (trur han iallfall), og vi er stort sett einige om det meste, sjølv om han ofte går meg på nervane. Eg har vore ganske kjip med han til tider, men han endar alltid opp med å tilgi […]

Read More