Journalistopplæring på seks månader. Med løn.

Les her, og søk!

Nytt kurs tek til på nyåret 2019. Då har vi plass til fire nynorskpraktikantar som får lære journalistikk på seks månader. Her får du ei praktisk retta opplæring i ein moderne avisredaksjon, med rettleiing frå erfarne journalistar. 

Søknadsfrist: 15. oktober.

Sidan starten i 2013 har vi lært opp 41 praktikantar. Langt over halvparten jobbar i dag med journalistikk, kommunikasjon eller språk. Sjølv om det er krevjande tider i mediebransjen, dukkar det stadig opp spennande jobbar.

Raskt ut i arbeidslivet

For deg som vil bli journalist og har lyst å skrive nynorsk, kan du her få ei praktisk retta utdanning på berre seks månader.

Ekstern praksis

Tidlegare praktikantar har vore i aviser som Klassekampen, Bergens Tidende, Sunnmørsposten, Jærbladet, Strilen, Hordaland, Dalane Tidende, Sunnhordland og Hallingdølen.

Vi tilbyr

  • Fire månader teori og praksis i Noregs største nynorskavis, Firda Media, deretter to månader i ein sjølvvald redaksjon
  • Praktikantløn i heile læretida
  • Produksjon av nyhendeartiklar, reportasjar og bloggar
  • Video, foto, frontredigering, sosiale medium, digital forteljarteknikk
  • Rettleiing frå eigen mentor og andre erfarne journalistar
  • Førelesingar i språk, presseetikk og journalistisk metode
  • Godt miljø med høg digital kompetanse
  • Samarbeid med NRK Nynorsk mediesenter
  • Attest frå Nynorsk avissenter og ekstern praksisavis
  • Vi hjelper til med å skaffe bustad i Førde

Du har

  • Lyst til å skrive nynorsk og vil bli journalist
  • Samfunnsinteresse og -engasjement
  • Stå-på-vilje, likar utfordringar og høgt tempo
  • Evne til å samarbeide og dele kunnskap med andre
  • Vi tek inn søkjarar med ulik bakgrunn og utdanning
  • Vi ønskjer søkjarar frå heile landet, også med fleirkulturell bakgrunn

Vil du vite meir? Kontakt dagleg leiar i Nynorsk avissenter, Kjell Ove Nordeide.
Ring 911 49 803, eller send ein e-post.

Søk no!

Skriv ein søknad der du fortel om deg sjølv og kvifor du vil bli nynorskpraktikant.
Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.

Søknaden skal innehalde vitnemål, CV, attestar og referansar.

Søk innan 15. oktober eller 15. april.

Neste kull startar i januar 2019.

Søk her!