Close

Del innlegg

Som sogning er eg vant til å ha høge fjell rundt meg, men eg må innrømme at Hafstadkleiva var både lenger og brattare enn ved fyrste augekast. «Opp til masta der? Det ser ikkje så langt ut», sa eg. Eg tok feil.

Vi vart invitert med Firda på treningstur, og eg gav beskjed om at eg kom til å danne baktropp. Sannare ord har aldri blitt sagt. Då vi (eller rettare sagt, eg) hadde komme over den verste bratta, hadde eg underholdt tanken om å legge meg ned og rulle ned til byen igjen, eller innta fosterstilling i grøfta til dei andre (langt der framme) kom attende.

Eg tok meg ein pause (ein av mange) og plutseleg sto det nokon ved sidan av meg. Då han kom nærmare såg eg at det var ein av dei ansatte på Firda. Vi slo av ein prat og med eitt gjekk stega lettare. Og plutselig var vi på toppen. Vi hadde hoppa over myr og fått gjørme oppetter leggane, men vi var framme. Sidan eg ein halvtime tidlegare hadde planar om å ta ein lur i grøftekanten, såg eg meg nøgd. Eg hadde nådd målet og i tillegg blitt betre kjent med ein hyggeleg kollega. Han redda meg. Hadde han ikkje kome hadde eg snudd. Det er mykje det same når ein vel seg eit yrke.

Ein kan studere i ti år, ein kan ha skyhøge forventningar, men ingenting kan måle seg med korleis det er når ein faktisk gjer det. Om det er å nå toppen av Hafstadkleiva eller byrje som journalist. Av og til, når det blir for bratt og hardt, er det godt å ha nokon ved sidan av seg som oppmuntrar og hjelper deg til topps.

Det er i motbakkar det går oppover!