Close

Damer på toppen

Del innlegg

Klikk, klakk. Eit par høghæla sko går mot talarstolen. Sett vekk frå lyden av hælane er det heilt stille. Ein kan kjenne energien i rommet endre seg idet dei nærmar seg. Alle held pusten og ventar i spaning på kva som kjem. Klikk, klakk.
Det er merkeleg kor mykje makt lydar kan ha. Ein stein som går gjennom eit vindauge, eit barn som ler, ei dør som knirkar. Og høge hælar mot hardt parkettgolv.
Før i tida symboliserte gjerne høge hælar to ytterkantar; fest eller fine fruer.

Fleire kvinner kjem i maktposisjonar i dag enn nokon gang før. Kvinner er best på skulen, og er ofte best representert i søknadsbunkane. Til og med statsministeren er ei kvinne. Lyden av hælar blir høgare og høgare.

Sjølv har eg alltid likt å gå i høge hælar ein gang i blant. Men eg har alltid følt at eg blir sett litt rart på. «Går ho i høge hælar? Kven er det ho har pynta seg for då? Ha ha!».
Det høyrer vel til «kvinnesyndromet» som mange har vakse opp med. Ein skal ikkje synast, ein skal ikkje høyrast. Ein skal vere ein liten del av ein stor mengde.

Eg trur tida er komen for ei endring. No får eg gjerne eit kompliment om eg har lagt litt ekstra innsats i utsjånaden ein dag. Er eg på møte blir folk meir lydhøyre når ein kjem gåande, stolt og klakkande. Trikset er å gå ekstra sakte opp til talarstolen. La lyden av hælane verkeleg søkke inn i dei som ventar på det du har å seie.
Du treng kanskje ikkje møte opp i dei knallrosa pumpsa du kjøpte på ferie i Barcelona.
Det er ikkje verda klar for enda.

Men ikkje ver redd for å vise at du finst.