Close

Difor er eg fleksitarianar

Del innlegg

Eirin, nynorskpraktikanten, er vegetarianar. Kvar dag gjer ho val som viser at ho bryr seg om verda. Ho er god. Er eg vond?

Når eg et kjøt, er eg «slem» mot dyret eg et. Det døydde for meg, men døy skal alle, både menneske og dyr. Det verste er ikkje at dyra døyr, men korleis dei måtte leve liva sine. Menneske masseproduserer dyr, og mange produsentar handsamar dyra som varer heller enn levande vesen. Eg vil ikkje skildre livet til ein industri-kylling, for eg har ikkje lyst å bli lei meg i dag.

Om ein ikkje bryr seg om kva dyr føler, kan ein likevel finne gode grunnar for å slutte å ete dei. Når eg et ei plante, går næringa frå planta rett i meg. Men når eg et okse, så har han ete mykje fôr for at eg skal kunne ete kjøtet. All energien oksen bruker før han ender opp på tallerkenen min, kunne ha fødd fleire menneske om energien hadde blitt eten i planteform. Stadig fleire land tek til å ete like mykje kjøt som vi gjer i Vesten. Dette gjer at det blir hardare kamp om matressursane i verda.

Så kvifor er eg ikkje vegetarianar? Grunngjevinga mi er sosial: Middagsbesøk. Anten gjer ein vertskapet vondt ved å berre ete potetene og brokkolien, eller så vel dei å servere vegetarmat, og vegetarianaren må leve med irritasjonen frå kjøtelskarane kring bordet.

I staden er eg blitt fleksitarianar. Omgrepet fann eg i boka «Food Rules An Eater’s Manual» av Michael Pollan. Matfilosofien i boka er enkel: «Et mat. Mest plantar. Ikkje for mykje.»

Som fleksitarianar et eg grønsaker og fisk når eg lagar mat sjølv. (Fisk er ikkje like ressurskrevjande som anna kjøt, og fiskane har det ikkje så fælt, trur eg.) Men når eg er i sosialt lag, takkar eg ikkje nei til kjøt. Dette gjer at eg set større pris på det kjøtet eg et. Det vert mat for særskilde høve, til fest og kos, ikkje berre noko eg trykker i meg dagleg utan å tenke over det. Som fleksitarianar et eg med glede og godt samvit.

Lukka er ikkje å fråtse.