Close

Endeleg i fleirtal

Del innlegg

«Sal» lyser det mot meg med raude bokstavar. Ikkje «salg» eller «sale». Eg er i eit område der sjølv dei kommersielle aktørane har skjønt det: Nynorsk sel. Nynorsk er bra. Ja, nynorsk er til og med best.

Dei siste åra har eg halde meg i og i nærleiken av hovudstaden. Som språkleg minoritet har eg ikkje opplevd å bli diskriminert. Snarare tvert om. Så flott at du bruker nynorsk, har fleire av austlandslesarane mine erklært. Men sjølv om merksemda har vore av positiv karakter, så vert det i lengda slitsamt at lesarane stadig påpeiker at eg skriv nynorsk. Eg skriv fyrst og fremst fordi eg har lyst til å formidle ein bodskap, og ikkje fordi eg plent vil vere ein ambassadør for eit minoritetsspråk. Språket er berre verktøyet mitt.

Om eg ikkje liker denne merksemda, kan eg vel heller skrive bokmål? Det har eg allereie prøvd. Då eg gjekk på vidaregåande, vart eg bokmålsbrukar for å auke sjansen for høge karakterar. Å skrive bokmål er enkelt. Ordboka kan få stå i hylla og støve ned. Bokmålet fungerte fint ei stund. Men på folkehøgskulen sa det stopp. Der skulle eg bruke språket til skjønnlitteratur. Bokmålet rann ut av meg som tørr sand mellom fingrane. Eg måtte attende til morsmålet. Den store valfridommen i nynorsken gjer det hakket meir komplisert å bruke, og eg gjorde meg avhengig av ordboka att. Men det enkle er ikkje alltid det beste. No skal eg få bruke språket mitt som eit verktøy til å formidle bilde av røynda i nynorskland. Herleg.

Endeleg er eg i fleirtal.