Close

Fingrar til bry

Del innlegg

Har du nokon gong tenkt på kva signal du sender når du snakkar? Éin ting er kva du seier med munnen, ein anna ting er kva du seier med resten av kroppen. Sjå på fingrane for eksempel.

Tommelen blir brukt til å vise om noko er bra eller dårleg. Om du attpåtil viser to tomlar, blir det dobbelt så bra. Eller dårleg.

Peikefingeren blir brukt i negativ forstand. Dei fleste har vel på eit eller anna tidspunkt fått ein peikefinger i ansiktet frå den frykta læraren på barneskulen. «Ikkje kast viskelêr i timen!», fekk ein gjerne beskjed om. Det fekk iallfall eg.

Den midtarste fingeren treng eg vel kanskje ikkje gå nærare inn på?

Og så, ringfingeren. Det ligg i ordet. For alle single menneske over 25 er det denne fingeren ein ser på først om ein møter nokon som kan verke interessante. Er han gift? Forlova? Har han bleike spor etter ringen som var der i sommar? Har han kanskje lygekors bak ryggen?

Til sist er det veslefingeren. Lovnadsfingeren. Den fingeren ein hektar saman med nokon andre sin veslefinger og lovar på tru og ære. Kors på halsen, ti knivar i hjartet.

Når du brukar fingrane til å snakke, kan det ofte bli komplikasjonar. Var det ein sarkastisk tommel kanskje? Eller ein ironisk peikefinger? Vart langfingeren brukt som ein spøk? Har mannen med ringmerke på ringfingeren, men ikkje noko ring, ein skjult agenda? Kor mykje tel ein lovnad når ein har lygekors bak ryggen?

Om du kombinerer alle desse fingrane blir fingerspråk til kroppsspråk. Dette språket blir nytta til all slags form for kommunikasjon.

Det spesielle med kroppsspråk er at det ofte er universelt. Eg såg ein gong eit innslag frå Paralympics der ein blind mann vann eit langdistanseløp. Det fyrste han gjorde når han karra seg over målstreken, var å hive armane i været. Han var fødd blind, og hadde såleis ingen referanse på korleis kroppen skulle oppføre seg når han vart glad. Likevel var det armane over hovudet med knytte nevar som var den spontane reaksjonen.

Det er godt å sjå at det framleis finst spontane reaksjonar.

Det finst nok av dei kalkulerte.