Close

Gi eit lite vink

Del innlegg

Eit par morske auge møter meg, ei sint hand veiver meg attende. Eg set girspaken i revers og slingrar meg bakover. Eg må innsjå at slaget er tapt. Eg var nærmast møteplassen.

Etter fleire mil på sunnfjordske vegar har eg omsider forstått kvifor samferdselspolitikk vert debattert på kvart eit gatehjørne her i trivselsfylke. Personleg er eg fødd og oppvaksen med gul skiljeline mellom meg sjølv og motgåande trafikk og det tok ærleg talt litt tid før eg forstod at vegen ut mot Vevring var tovegskøyrd. Etter fleire mil bak rattet er det noko anna som også har oppteke meg

Fenomenet møteplass. Samansetjinga møte og plass, ein stad der ein treffer andre menneske. Eit positivt lada ord av natur. I dag møter fleire sin store kjærleik via møteplassar på nettet og i sentrum har ein gjerne møteplassar kor ein stoggar opp og slår av ein prat. Men så kjem ein utanfor bykjerna, ut på bilvegen kor dei sosiale kodane er skrelt vekk. Her er det ikkje jakta på kjærleiken som rår, men kampen om å overleve som står på spel, kampen om å komme først fram. Sjølv om det på det smalaste berre er centimeter som skil ein frå motgåande trafikk, likevel kostar få på seg eit smil og enno færre tek seg bryet med å helse på den let ein komme først fram, den som svingar inn på møteplassen.

På veg opp Hafstadkleiva stopper ein opp og helsar. Trass i at stien somme stader er breiare enn vegen ut til Vevring. Trass i at mjølkesyra for lengst har inntatt låra og blodsmaken i munnen vert sterkare for kvart steg så har ein alltid pust nok til å stogge opp for å helse. Er dagsforma god slår ein gjerne av ein prat om vêr og vind i same sleng. Opp Hafstadkleiva skaper ein sine eigne møteplassar. Nede på asfalten derimot, der har ein gløymt det sosiale aspektet ved å vera menneske, nede på asfalten er det kampen om å komme først fram som gjeld.

Må det verkeleg ein grussti i symfoni med tett skog til for at vi kan vera medmenneske nok til å gi eit lite vink?