Close

I verpeklar alder

Del innlegg

I dag ramla innbydinga ned i postkassa. Duftande av potpurri og med duse pastellar på glansa ark. Venninna mi har funne sin utvalde. Ho skal gifte seg med ei kvinne.

Det er i slike høve, det svir litt. Her sit eg, åleine og singel som aldri før, mens kulden set inn og haustmørket stadig grafsar til seg større delar av dagen. Den biologiske klokka tikkar, sjølv kor mykje eg nektar for det.

Sogn og Fjordane manglar fødedyktige kvinner. Dei reiser ut for å studere, og kjem aldri att. Kva med karane? Har dei vett til å reise etter? For bak steinane eg har kikka, er dei ikkje. Ein og annan kjekk kar har susa forbi meg på sykkel. Før eg får samla meg, er han borte. Utan eit spor eller teikn på kven han er eller kvar han held til. Berre eit langt blikk og eit vagt minne står eg att med. På matbutikken har eg sett mange potensielle kjekkingar. Etter nokre sekund dukkar alltid kone og born opp og gjer fysisk krav på akkurat den mannekroppen.

Eigentleg er det greitt. Eg prøver å meisle bort vranglæra frå eventyra. Eg vil ikkje vere eit fint kjerringemne som blir redda av prinsen. Eg vil vere god for noko. Eg tek ikkje til takke med kven som helst eller til kva pris som helst. Sjølv om eg lever med auga oppe, er eg eigentleg ikkje på jakt. Vil lynet slå ned, skjer det uansett når eg minst ventar det.

Eg er takksam og privilegert for å få vere kvinne i dagens samfunn. Eg har valfridom og kan velje mi eiga lykke. Eg kan velje eventyr i tusental over verpekassa og tradisjonelle kjønnsrollemønster. Eg kan adoptere og leve eit liv utan partner, bli den galne tanta og aktivisten som ofrar seg for andre og bur i Afrika eller velje å bli den fryktlause karrierekvinna.

Eg trivst uroande godt i eige selskap. Då slepp eg trass alt å gi bort delar av meg sjølv for å gjere andre nøgd. Til sist handlar livet om å ha menneske rundt seg som betyr noko, som gjer at eg stadig er i utvikling og får nye perspektiv. Medmenneskelege forhold der eg kan dele bekymring, engasjement og glede, slik at eg ønskjer å stå opp og stå på.

Grunnlaget for alt liv er reproduksjon. Urinstinktet ligg i oss, og også eg vernar om egga mine. Det er dumt å ha alle i ei korg. Kanskje er det på tide å fryse nokre ned.

Sånn i tilfelle.