Close

Livet på sølvfatet

Del innlegg

Så sit du der med klump i magen, makspuls og eit stikk av dårleg samvit medan du skottar bort på det kvite papiret kor VALKORT står skrive i svarte bokstavar. Du veit det så inderleg godt: du skulle ha røysta no. Hadde det ikkje vore for at stemmelokalet stengde midt i beste sendetid på TVNorge og at vêrgudane ikkje spelte på lag med deg. Røysta di tel vel ikkje stort i det heilskaplege biletet? Det er vel ikkje din feil at TV Norge har ein urimeleg sendeplan og at dei nye skoa dine ikkje toler vatn?

Ein sutreepidemi har råka Norge. Klart livet kan vera kjipt i verdas rikaste land i det vekkjarklokka ringer på morgonkvisten. Når butikkane er utselde for smør kring juletider og planen om sju sortar går i vasken. Eller når mjølkesjokoladen er så framifrå at den saboterer for slankekuren. Livet kan vera kjipt i slike stunder, men ein gjer likevel lurt i å setje saka i eit større perspektiv.

Norge er verdas rikaste land. Niger, i Vest-Afrika, er verdas fattigaste. I Norge kan ein rekne med å leve i over 80 år, i Niger vert gjennomsnittsmannen 44 år. Vi kalkulerer på kaloriar og skuggar banen for karbohydrat, berre for å oppnå den optimale sommarkroppen. Den gjennomsnittlege nigerar tel riskorn, for å overleve.
Det er kanskje problematisk å sjå verdien av eit velfungerande demokrati når storparten av befolkninga har fått livet på eit sølvfat. Når det vert slått katastrofealarm i det svenskane slår oss ved målstreken i ski-VM og elleve botnplasseringar i Melodi Grand Prix toppar lista over nasjonen sine største nederlag, kan ein spørje seg sjølv: kva er vitsen med å røyste?

Eit demokrati er ikkje hogd inn i stein. Slik som kondisjonen må også folkestyret vedlikehaldast. Det er på høg tid vi innser at sutring aldri er beste botemiddel og at sølvfatet kan smelte. Trass vêrgudane og fjernsynsprogrammet, ta din del av det kollektive ansvaret og gå til valurna. «Det er på høg tid vi innser at sutring aldri er beste botemiddel»