Close

Nynorskens skog

Del innlegg

Å skrelle ei appelsin utan kniv er strevsamt. Både negler og tenner må til pers for at ein skal kunne nyte av fruktkjøttet som ligg under det harde skalet. Trass i strevet vel eg gong på gong å trasse citrusallergien for å ta del i dette naturgitte matgildet. I avskrelt tilstand er orket blitt historie. For kvar båt som går ned fordriv kjensla av skiten under neglene, og den bitre ettersmaken forvitrar smått om senn. Ubehaget vert erstatta av ei euforisk smaksoppleving. Når det syrlege og søte erobrar smaksløkane vert alt anna gløymt.

Livets harde realitet er ein gong slik: det som er verdt å kjempe for kostar blod, sveitte, og gjerne litt skit under neglene, eller som i mitt tilfelle: også urein hud. Det som ein meiner er verdt å kjempe for, om det så er ein liten appelsinbåt med lukke, ei gul midtstripe, eit levande utkants-Norge eller eit fjell utan gruvedrift, det har ikkje alltid ein enkel utveg.
Ivar Aasen hadde dei fleste oddsa i mot seg. Han hadde korkje iPhone eller goretex-sko. På tynnslitne solar vandra han mil etter mil og samla inn ein rikdom som ikkje kan målast i pengar. Aasen hadde oddsa i mot seg, men fekk likevel draumen om eit eige landsmål realisert. Ein viljestyrke av jern og eit brennande engasjement vog opp for manglande utstyr. Difor tek eg sats, hoppar ut av komfortsona og inn i nynorskens skog.

Vegen vil nok stundom verke uoverkommeleg, men den som vil, den får det til.