Close

Eit levande museumsmål

Del innlegg

«Røyst på Ivar Aasen i VG si kåring av dei 100 mest viktige nordmennene.»

Den Facebook-ansvarlege i Noregs Mållag gjer som det er forventa av han når han oppfordrar oss til å røyste på nynorsksjefen i kåringa til bokmålsbastionen VG. Men det er jo berre tull. Sjølvsagt er ikkje Ivar Aasen den viktigaste nordmannen dei 200 siste åra. Ja, det sit eg, nynorskpraktikanten, og skriv.

Eg er ingen målmann. Eg var det ikkje då eg vart plassert som siste-skanse på smågutelaget til Hødd, og eg er det heller ikkje no når eg er praktikant i Nynorsk Avissenter.

Misforstå meg rett. Eg synest det er tåpeleg at Sunnfjord Folkeshøgskule har nettsider på bokmål «for å nå ut til eit breidt publikum», og at Aftenposten omset BT sine artiklar om Jon Fosse til eit meir anstendig språk. Men det gjer meg jo ikkje til målmann.

Å skrive nynorsk er som å vere avhaldsmenneske. Det må forklarast. Folk godtek ikkje at eg berre gjer det. Dei må ha ein grunn. Handlar det om identiteten min? Er eg medlem av mållaget?

Om eg ikkje har ein særskilt grunn til å gjere det, er det heilt irrasjonelt å skrive spynorsk, seier bokmålsfolket. Å skrive nynorsk utan å gå med Ivar Aasen-underbukse (ja, det finst), det blir for mykje for nynorskfolket.

Eg skriv nynorsk fordi eg alltid har gjort det, og fordi eg skriv betre nynorsk enn eg skriv bokmål. Det er ikkje verre enn det. Svaret blir ikkje godteke av målpolitiet, men la gå.

«Nynorsk skal vere eit levande mål», proklamerer Ivar Aasens venner. Flott. Då må de legge frå dykk forklaringsjaget. Den dagen det berre er målfolk som skriv nynorsk, er det berre å plassere Nynorskordlista til Alf Hellevik saman med Aasens «Ordbok over det norske Folkesprog» på ei museumshylle i Ørsta og låse døra.

«Nynorskens største problem i dag er at den held på å verte eit elitespråk», sa Einar Førde. Eg har ei lita justering. Nynorsken er i ferd med å bli eit språk for spesielt interesserte. Dei som har ein grunn.