Close

Fram, tilbake og fram att

Del innlegg

Det er når ein trur ein kjenner noko at ein verkeleg vert overraska.
– Så no har du flytta heim att, ja, korleis går det, får eg høyre. Jau, det går vel bra, kva elles, tenker eg og undrast over kva motparten ventar eg skal seie.

– Klarar du deg her utan bybana då? Med all den friske, opne lufta, mellom dei ruvande fjella, i den tronge dalen, tenker dei kanskje. Klare meg her?
Eg har fare hit og dit, fram og tilbake. Etter at eg forlet Jølster som 15-åring har eg budd på Sandane, i Wales, Ecuador, Bergen og Kina. Eg er vand med det ukjende og å oppleve kultursjokk av slikt som mjølk i teen, sylta kuskinn til middag og å stadig trakke uvitande i salaten. Skulle ikkje eg klare meg her?
På framande stader snakkar og ter eg meg som ein som ikkje høyrer til. Då tek eg gjerne til å tenke på kor godt det skal bli å komme heim att til det kjende, der alt er forståeleg og eg glir umerkeleg inn i mengda.

Så feil kan eg ta.

– Du må helse på folk! kveste mannen min idet vi kort etter heimkomst frå Kina passerte ei framand dame på bygdevegen. Ho hadde visst gjeve meg eit avventande smil, ein invitasjon til kontakt som eg oversåg. Først stilte eg meg uforståande til kritikken, men så minnast eg vagt dei sosiale normene i mi barndoms verd. Ein helser på folk, ein er ikkje anonym for kvarandre.

Det er berre å innsjå at salatar trakkar eg like lett i her som andre stader, i alle fall fram til eg lærer.
Ein går aldri tilbake, ikkje eigentleg. Jordkloden snurrar og tida presser ein i ryggen. Fram er einaste vegen å gå. Om det liknar noko du har sett før, lat deg ikkje lure. Ingenting står i ro på vår spinnande klode, ikkje ein gong eg og du.