Close

Framand i fjordfylket

Del innlegg

Eg er den framande. «Utfylkingen». Innflyttaren. Dei andre praktikantane i vårens kull har du kanskje høyrt om før. Dei er frå Askvoll, Førde og Jølster. Men eg er eit utskrive blad for dei fleste Firda-lesarar. Eg kjem flyttande, men ikkje langvegs frå. I studietida har eg gjort meg til bergensbuar, men det er sunnmøring og ulsteinvikar eg er.

Når eg no har avslørt det, har du nok gjort deg opp ei meining. Møringen er ein rik, høgrøysta, kjepphøg og gniten skrytepave. I populærkulturen står karakteren «Tråle» i teiknefilmane om redningsskøyta «Elias» som det fremste bildet på korleis vi oppfører oss nord for Stadt.
Det er verken sunnfjordingar, nordfjordingar eller sogningar med i Elias-filmane. Eg må med andre ord ta til takke med mine eigne stereotypiar når eg no skal freiste å forstå framtidsfylket.

Eg har eigentleg slått heile Sogn og Fjordane over ein kam. Mitt bilde av sunnfjordingen, sogningen, nordfjordingen har vore av eit roleg og avmålt folkeferd. Eg har sett for meg at «vi tek det som det kjem»-haldninga står sterkt her nede.
Men eg er jo ikkje tunghøyrd. På transportetappane mellom Bergen og Sunnmøre med NRK Sogn og Fjordane på radioen har eg fått med meg at det har vore litt småkrangling om sjukehus og vegtrasear.

«Småkrangling?!» ropar du nok no medan du set morgonkaffien i halsen. Du har rett. Den vesle veka eg har vore her, har eg forstått at eg må viske ut inntrykka eg har hatt. Vi kranglar på Sunnmøre òg, men her i fylket tek de det til eit nytt nivå. Det er flott, iallfall for meg. Konfliktar eignar seg ypparleg i journalistikken.