Close

Del innlegg

«Kan vi ikkje få oss eit universitet?» Slik spurde ein representant for Frp i Førde bystyre førre veke. Først lo eg, så kom skamma.

Sjølv har eg sagt mykje dumt. Som ung og politisk engasjert, var naiv og optimistisk idealisme nesten eit krav. «Du veks det av deg», fekk eg høyre, og blånekta sjølvsagt for det. Når eg la ut om korleis ting burde vere, vart eg ofte møtt med eit skeivt smil, eit fjernt blikk og ei panne folda i djupe rynker.

Det er ein reaksjon som er vanskeleg å tolke. Kanskje kjem smilet fordi ideen er spennande? Eit fjernt blikk kan bety at ein vurderer tanken, men så rynkar panna seg, for reknestykket går ikkje opp. Vi kan ikkje gjere noko med klimaendringane, fordi. Vi kan ikkje seie nei til utbygging av oljebasen, fordi. Vi kan ikkje gjere noko med klasseskilnader, fordi.

Det som kjem etter «fordi», er ikkje sanninga med stor S, det er ein versjon av sanninga, basert på erfaringar med korleis verda fungerer. Om eg gjer det, så skjer det. Fordi vi har den økonomiske modellen vi har, må det bli slik. Vi trur meir på den forskinga, og dei argumenta, som passar inn i vår forståing av korleis ting heng saman. Erfaringane hindrar oss frå å sjå at verda kan vere annleis. Endring blir umogleg, vi står stille, eller held fram i same retning.

Eg trur framleis det går an å utfordre og endre det samfunnet vi lever i. Difor er det herleg med politikarar utan bakkekontakt, og med folk som tør å seie mot den etablerte makta. Det er lite truleg at vi får eit universitet i Førde med det første, og i høve oljebasen i Flora vart det Stang ut.
Likevel, vi treng å bli utfordra, ikkje sant?