Close

Kva er det som klør?

Del innlegg

Skrivekløe heiter denne spalta. Kva er det så det klør slik å skrive om eller for? Tekst finst det allereie mykje av. Til og med somme forfattarar tar til orde for at det bør skrivast færre bøker. Om dei kunne la det vere, ville dei helst ikkje bidra til støyen, som dei kallar det. Likevel har det seg slik at nettopp deira bok er for verdifull til ikkje å skrivast.

Eg er glad i informasjon og forteljingar, det er difor eg vil bli journalist. I staden for å zappe på tv-kanalar, zappar eg mellom fanene i nettlesaren. Dei ulike nettavisene er stilt opp i faner på rekke og rad, slik at eg lett kan halde meg oppdatert. Det kan gå timar med til denne aktiviteten. Kva er det eg ventar på? Er eg skuffa når det ikkje har hendt noko stort og spennande på neste fane? Ja, på eit vis er eg kanskje det. Forventninga om at noko avgjerande vil skje er blitt så stor at eg er redd for å gå glipp av det. Kjensla, når det endeleg er noko spennande å lese, er verdt alle dei idiotiske overskriftene.

Mange har det slik med sosiale medium. Den umiddelbare responsen med tommel opp gjev ein kortvarig lykkerus, ein lykkerus som treng påfyll. Men kva går vi glipp av, medan vi i frykt for å gå glipp av noko, sjekkar mobilen på kafé eller sit heime framfor dataskjermen? Eg trur ikkje berre eg går glipp av «livet», slik mange konkluderer i slike tekstar. Eg trur eg går glipp av det eg er ute etter, nemleg nyhendene. Internett og gratis nettaviser har heilt sikkert ført til mykje bra. Journalistane har blitt nøydde til å skjerpe journalistikken sin, men som vi veit alt for godt er det motsette også tilfelle.

Tidlegare heldt folk lokalavisa og kjøpte ei «Osloavis» og BT i ny og ne. I tillegg kom sjølvsagt Dagsrevyen og radio. Eg er usikker, det er jo nokre år sidan, men eg trur eg var like godt opplyst på den tida. Eg hadde i alle fall tid til å fordøye det eg las. No begynner nettavisene å lukke seg og eg har bestemt meg for å ta grep. Eg skal abonnere på tre digitale aviser og prøve å halde meg til å lese den daglege utgåva i staden for dei løpande nettutgåvene. Litt blir det sjølvsagt, det kan jo skje noko som eg må lese, men det får eg nok beskjed om i så tilfelle.

Det er viktig at folk spør, grev, skriv og kommuniserer, men det er og viktig å få tid til å fordøye det ein les. Elles er det lite vits. Er du som meg treng du litt hjelp til å gjere eit utval, då er det bra at det framleis finst avisredaksjonar som jobbar med å finne dei beste tekstane. Denne vesle teksten var det ikkje nødvendig å skrive, den er allereie skriven tusen gongar av likesinna.

Eg gjorde det likevel, eg har skrivekløe.

Men kva går vi glipp av, medan vi i frykt for å gå glipp av noko, sjekkar mobilen på kafé eller sit heime framfor data-skjermen?