Close

Kvar i all verda?

Del innlegg

Du er geograf, sa du? Då kan du kanskje fortelje meg kva hovudstaden i Kasakhstan heiter? Eller kanskje den nest høgste fjelltoppen i Sogn og Fjordane? Kva er forresten elva med størst vassføring i verda? Nei, ikkje den lengste.

Dette er spørsmål eg ofte møter når eg presenterer meg. Her skal eg innrømme det med ein gong. Om du gir meg eit kart over Norge og ber meg plassere stadnamn, er det stor sjanse for at eg set Lista for høgt.
Det er min eigen feil. Far min sa alltid på biltur at eg måtte sjå ut av vindauget. Det ville eg ikkje då, men no ser eg på alt eg kan utan å køyre av vegen. For sjølv om høgda på fjelltoppar ikkje er det viktigaste i geografifaget er målet å bli kjend med ulike stader og forstå kvifor dei er som dei er. Då er fjelltoppane, elvane, byane og grendene heilt klart svært viktige å kjenne til. Elles vert det umogleg å forstå staden.

For slike som meg tek det litt tid å vite at Dale og Fjaler er ein kommune og ikkje to, men etter ei stund kan eg vite at det nest høgste fjellet i fylket er Store Styggedalstind. Den austre toppen rett nok, som ligg i fjellområdet Hurrungane.
Høgda i seg sjølv er jo interessant, men som geograf vil eg gjerne vite meir. Til dømes at fjellområdet forsyner elvane som gir kraftkommunen Luster pengar i kassa. Kva gjer forresten inntektene med dei som bur der?

Det er gjennom slik kunnskap ein kan forstå staden ein bur på og folka som bur her. Det er jo det som er spanande. Som journalist får eg sjansen til å stille deg spørsmålet: Kvifor er det slik akkurat her?