Close

Over middels låg utdanning

Del innlegg

Eg er 31 år, voks opp i ein fredeleg middelklasseheim og gjekk ut frå ungdomsskulen med karakterar over gjennomsnittet. Likevel har eg ikkje høgare utdanning. Dei einaste studiepoenga eg har, har eg fordi eg trong studielånet til å finansiere andre prosjekt eg sjølv syns var viktigare. Eg okkuperte hus og laga fanziner og samla inn mat frå butikkane sine containerar for å lage søndagsmiddag til Bergen sine mindre rike. Alt finansiert av lånekassen.
Sidan har eg blitt agronom i økologisk landbruk òg betalt av studielån. Men det er ei utdanning på vidaregåande nivå.

Kvar gong eg fyller ut eit spørjeskjema stikk det litt i meg når eg vel «Vidaregåande skule» som høgaste fullførte utdanning. Tru det eller ei er det eit stikk av stoltheit. Eg veks opp i ein generasjon som aldri har sett verken verknaden eller naudsynet av hardt arbeid. Vi som vart fødde tidleg på åttitalet er den fyrste årgangen som har blitt vaksne i eit miljø av trygge, varme, uendelege oljeinntekter.

Vi er generasjonen med alle dører opne ja, kor det å opne dører ikkje berre er ein sjanse, men eit krav. Vi krev å få realisere oss sjølve frå før vi kan gå. Difor kosar vi oss i årevis med litteraturvitskap, backpackerbillettar på tilbod og utsette masteroppgåver, før vi endeleg etter fullført utdanning sutrar over at vi ikkje får arbeidsavklaringspengar frå NAV.

Sidan 1980 har talet doktorgrader i Norge blitt sjudobla. Samstundes krev arbeidsmarknaden framover at halvparten av arbeidstakarane har fagbrev.
Å ta eit fagbrev på vidaregåande inneber å opne berre ei dør. Kan halvparten av oss leve med det?

I fjor på denne tida var eg avløyser og agronomelev. Då banna eg over dødfødde killingar, gjødseltrekk som ikkje verkar og botnfrosne rundballar. I år sit eg bak skrivepulten og bannar over mangelen på ord, feil bildefokus og at eg ikkje får skrive alt nett som eg vil.

Eg skulle skamme meg.