Close

Våge å tale framandfrykta midt i mot

Del innlegg

I Firda i dag les vi om ei innvandrarkvinne som har budd i Førde i 13 år utan å våge å kalle seg førdianar. Kvifor? Fordi ho vel å bruke skaut. Her er det noko som ikkje stemmer.

Eg trur ikkje at heile Førde er rasistisk. Eg trur ikkje ein gong alle i Førde kjenner uhygga trenge seg fram som ein rastlaus rev i mellomgolvet ved synet av ei kvinne i hijab. Problemet er at dei som ikkje lir under slike byrder, ikkje seier noko om det. Stille går dei i gatene medan Folkeaksjonar for framandfrykt får fylle Førde med klangen av sine angstfylte stemmer.

Styggast i framandfrykt-koret er Kommentarfelttrollet. Det gøymer seg i mørke skuggar medan det trommar hatefullt i veg og vrengjer ut eiter og galle frå sin kunnskapslause buk. Det kling nesten som sjølve Sanninga, tykkjer Kommentarfelttrollet.

Problemet er at vettige folk berre trekkjer på skuldrene, ristar på hovudet og tenkjer «Ja, nei, huff, det er ikkje bra», og held fram med sitt. Stillteiande let dei framandfrykta buldre uforstyrra mellom fjella.

Det er på tide at vi hever stemmene våre, vi som ser menneska bak skauta og ikkje let oss skremme av at heile verda ikkje er som oss. Vi kan ikkje lenger sitje stille og høyre på den skingrande støyen frå framandfrykt-koret. Vi må våge å tale framandfrykta midt imot. Eg nektar å gje mitt teiande samtykke.

Truleg vil det meste av det vi kan seie drukne i støyen og prelle av den særskild sleipe pelsen til Kommentarfelttrollet. Den er olja inn med så tjukke lag av fordommar og konspirasjonar at vitet ikkje har sjanse til å trengje inn. Likevel må vi stemme i. Dei som kjem flyktande og trengande hit og prøver å finne sin nye heim hos oss, treng å høyre våre stemmer.

I protest mot framandfrykta vil eg rope ut: ver velkommen, eg gler meg til å verte kjend med deg.