Close

Og så har me juksa littegrann

Del innlegg

Sett vekk i frå sommarferiane er det sju år sidan eg budde heime, og eg har etterkvart blitt relativt husleg av meg. Når eg no set av fire månader under same tak som mor og far, er eg likevel blitt elev ved ein modernisert versjon av husmorskulen med mor mi som hovudlærar og søstera mi som assistentlærar. Å ikkje kunne bake brød, var visst opptaksgrunnlaget.

Første leksjon er at oppskrift er oppskrytt. Å ta det på slump, er mottoet. I tillegg er altså denne brødbaksten alfa omega. Kjøpe brød gjer ein berre når tida blir altfor knapp til å bake nye, (og ei husmor planlegg jo nok til å unngå at det blir tomt). Det same gjeld syltetøy. Kjøpesylte er ikkje sylte. Ein fullverdig middag startar med å koke poteter, ein bør ha minst èin fiskemiddag pr. veke og hemmelegheita bak gode vafler er gamal kremfløyte. Og til avslapping er det lite som er betre enn å ha eit spøt for hendene.

Ingenting av dette er nytt for meg, men praktiseringa står det kanskje ikkje like bra til med. Til no har eg unnskyldt meg med eit travelt studenttilvære, men når eg blei vaksen, då skulle det bli stell på sakene. Ut med alle posesupper og frosenmat, og inn med meir ekte råvarer.

Brødbakekurset er gjennomført og for å heve nivået frå strikkskjerfa på barneskulen, har eg også starta på ein heimestrikka gensar. Når eg fortel om både mat- og strikkprosjektet mitt til venninner, gjer dei store auger og ser forvirra på meg. At nokon i  det heile tatt strikkar, og at eg, ei (by)jente på 26 år driv med slikt, verkar svært usannsynleg.

Men i ei tid der klima og miljø aldri har vore meir aktuelt, der barnearbeid gong på gong blir avslørt og der forbruket har nådd rekordhøgder, så burde det verkeleg ikkje overraske at nokon prøver å ta eit steg tilbake. Enn så lenge tek eg berre eit forsiktig nybegynnarsteg, og er langt i frå på same nivå som dei som droppar både sukker, feitt, karbohydratar, kjøt, melkeprodukt eller gluten, og som berre et økologisk mat. Til det er eg framleis for glad i mat, og eg tenker at slikt må vere meir strev enn kos. Men eg har starta, sjølv om eg nok vil falle tilbake på posesuppa både ein og to gonger.

Og her kjem det eg likar med mors moderniserte husmorpensum: Det er lov å jukse. Av og til.