Close

Berre ei flyvertinne

Del innlegg

FOR EITT ÅR sidan var eg flyvertinne i Dubai. No er eg journalist i Førde. Nokre gongar må eg verkeleg klype meg i armen.

DET ER LENGE sidan yrket vart rekna som glamorøst. Det er farleg å fly, og du lever i nåde frå både natur, mann og maskin. Arbeidstidene er ugudelege, og med mindre ulykka er ute, ser folk oftast på deg som berre ei flygande servitrise.

MEN DEI SOM er i lufta, dei bryr seg ikkje. Det er ein livsstil å fly, og mange kjem seg aldri ned på bakken igjen. Med den raude hatten og det kvite sløret på eine sida som kjenneteiknar jentene i Emirates Airlines, tok vi glamouren tilbake. Då vi gjekk i flokk gjennom flyplassane med dei flotte uniformene, stoppa folk opp på reisa si og fekk ei kjensle av å vere tilbake på 60-talet.

DU VERT TATT for å ha lite skulegang. Om eg skulle komme til å nemne mine sju år med høgare utdanning, fekk eg oftast høyre «Men kvifor er du berre ei flyvertinne då?».

DEI KALLA OSS «globalistas». Med 18.000 kabintilsette frå 130 land synte reklamane kor reiselystne og spennande vi var, og ulike frå andre flyselskap. Dei eg jobba med, viste seg ofte å vere legar og ingeniørar. Det finst nok inga grense for eventyrlyst.

EG VISSTE ALDRI kvar eg skulle neste månad. Plutseleg var eg i Korea, Mauritius, Toronto, Buenos Aires, alltid på femstjerners hotell. Med nye kollegaer kvar dag måtte eg spele på lag med folk frå alle verdas kulturar. Ja, eg veit korleis britane likar teen sin, men eg kan også i naud gi førstehjelp, handtere ei naudlanding og evakuere eit fly.

TIDA MI SOM flyvertinne er ei av dei største utfordringane eg har tatt. No var det på tide å nytte hovudet og kunnskapen min igjen, og det set ingen stoppar for nye eventyr. Men, hjartet mitt, det er alltid hjå dei som flyg.