Close

Bygdestraff

Del innlegg

MULLA KREKAR er på flyttefot. Han har sleppt ut av fengsel, men det er framleis uklart kvar han skal busette seg. Framstegspartiet har gjort det klart at dersom dei ikkje kan få han ut av landet, så må han ut på landet. Det foreslåtte bustadalternativet er den vesle bygda Kyrksæterøra i Sør-Trøndelag. Her bur om lag 2500 sjeler som kan få selskap av mullaen framover. Krekar stretar imot forslaget, men dei blåblå er klar i sin tale; Mulla Krekar bør få bygdestraff.

EIT SPØRSMÅL eg stiller meg i denne mulla-debatten er; kvifor er det ei straff for Krekar å bli forvist til landsbygda? Eit alternativ er å sende han heim til Irak, men der blir han mest sannsynleg avretta. Så det nest verste ein kan gjere, det er å sende han til bygda? Heldige Krekar, seier no eg. Bygda er min draumebustad.

EG HAR SJØLV lengta heim til bygda kvar dag sidan eg flytta til byen for fem år sidan. Kjensla av å vere ein maur i maurtua pregar kvardagen min i bylivet. Når eg kan pakke støvlar og joggebukse i bagen, kriblar det i magen, og eg synest eg kjenner dufta av mormor sine vaflar ein laurdag ettermiddag. Sminkepungen vert liggande att i byen, for heime på bygda er både folk og atmosfære usminka.

DEN FREDELEGE stemninga, butikkdama som hugsar bursdagen din og naboen som kjem innom dersom det ikkje ryk i pipa di. Det er ei omsorg for kvarandre, og ein felles solidaritet som ein ikkje finn i byen. Eg trur at Krekar kjem til å få det flott på landet. Fengselsfuglar vert bytta ut med kvitrande blåmeis, og vatn og brød med nyplukka gulrøter. Med naturen som kulisse i kvardagen finn ein fort ro og fred i sjela. Betre bustad finst ikkje, spør du meg.

OG KANSKJE vil litt sunt bondevett halde mulla Krekar borte frå fengsel i framtida?