Close

Kva? Gode nyhende?

Del innlegg

DAGEN I DAG er ein vedunderleg dag. Å vakna som lesekyndig menneske i ein varm heim, er ikkje alle forunt. Kanskje du nippar til ein kopp kaffi, og kan nyta ei frihelg som berre avgrensast av eigen kreativitet. I dag kan me og gleda oss over 170 sprell levande barn som blir fødd i kongeriket vårt. I fredstid. I dag er det òg premiere i Førdehuset på dokumentaren om ei dame på 90 år. Livsportrettet om Elisabet Muri handlar om takksemd, kjærleik og det å nytta seg av alt vår fascinerande verd har å by på. Ho nyt framleis aktive dagar.

ER DETTE interessant? Vil me høyra om folk som har det bra? Ein skulle tru at vi menneske, som vel er fødde med eit fnugg av medkjensle, heller vil høyre godt nytt enn om stadige blodbad, klimakrise og dårlege vegar. For dei som interesserer seg i utlendigheit kan nyhende frå verda skremma oss frå å gå utanfor hotellområdet, om vi dristar oss utpå ein luksusferie.

EG MINNAST DÅ eg som tenåring skulle ta eit år i statane, og såg for meg eit liv i mang ei eksotisk Hollywood-scene. Overraskinga var stor då eg møtte likesinna frå heile verda, som var akkurat like spente og menneskelege som ein liten nordmann frå Hardanger. Sidan har det blitt fleire år utanlands. Og eg har blitt overraska over omsutsmeldingar frå heimen om narkolangarar eg aldri såg i Mexico, eller ebolaepimidemien som ramma nokon på den andre sida av kontinentet då eg var i Afrika.

DÅRLEG NYTT sel best. I ei verd som stadig utviklar seg, høyrer ein absurd nok mest elende. Men med all respekt for den kritiske journalistikken, er det jammen godt med ei positiv sak inn i mellom. Om det er ein tilfeldig gladlaks, eller ei reflektert, eldre dame.

DIFOR VIL EG retta ei takk til Elisabet Muri for det du deler frå eit langt liv – og minner oss om verdien av å sjå oss rundt i takksemd.