Close

Kva tenker du på?

Del innlegg

OM DU TENKER på kor utilpass du er i din livssituasjon, eller kanskje ser nedlatande rundt på alle idiotane i rommet, blir det ein lett utgang med; «ikkje noko spesielt». Men surrar ikkje alltid nokre tankar rundt i hovudet ditt?

EIN SEIER AT sanninga får ein frå dei som vinglar skjenkte rundt og frå dei som nett har vakna til livs. For det er slåande korleis vi blir forma i sosiale samanhengar. Men å ta val er fundamentalt for oss menneske. For kven er du, kven vil ein vere, og korleis skal ein leve? Dette spør du deg vel sjeldan om, og det kan følast behageleg å la dei store spørsmåla ligge. Men ein gong måtte eg verkeleg ta stilling til alt på nytt. For som 18-åring vakna eg frå koma etter ei bilulykke. Då eg først opna auga att, hugsa eg ikkje namnet på mi eiga mor ein gong. Kva skal ein gjere, kva er eit menneske?

TAKKSEMDA OVER å ha overlevd overskygga mang ein skavank i andletet. For eg lever! Det hadde eg tatt som sjølvsagt før, men at sansane kom tilbake og at eg framleis kunne gå på eigne bein, var og er ei fantastisk kjensle. Og for ei eventyrleg spanande verd eg vakna opp i! Kvar dag kan ein møte unike menneske. Ingen av oss er like, så kvifor i alle dagar skal me samanlikne oss sjølve med andre?

«DU SKJØNAR da» når du blir vaksen», fekk me ofte til svar som barn. Men til slutt blir ein gammal nok til å ikkje stille dei store spørsmåla. Det unike blir forma inn i tiltenkte roller, i vårt velfungerande trivselssamfunn. For meg var det absurd å møte all medkjensla i det norske samfunnet, då eg følte nærmast ei euforisk livsglede. For er ikkje livet den største sigeren, eller finn vi det naturleg å leite etter problem i tilværet? Eg er på mange måtar takksam for å ha fått vakna til livs to gongar, då eg atter ein gong fekk like stort perspektiv som eit lite barn. Det er utruleg spanande å bli kjend med seg sjølv, livet og verda vi lever i. Kvar dag er verkeleg ein ny sjanse.