Close

Kvar bygd har eit fjell

Del innlegg

FØRDE ER IKKJE Norges styggaste by. Det er ein litt dårleg plassert, men elles sjarmerande tettstad. Eg skal ikkje klage, her er fire pizzarestaurantar og tre ulike yogatilbod. Sunnfjordingane ser ut til å spele i korps, synge i kor og samle inn pengar til fleirbrukshallar.

DET EG SAKNAR mest frå Ålesund (utanom dei to daglege avgangane til Amsterdam), er sol og sjø. Hittil har vi nynorskpraktikantane ikkje opplevd så mykje anna enn regn og sludd og snø. Fortvilinga vart difor stor då finvêret kom tidlegare denne veka, men sola viste ikkje snurten av seg. «Er det eit fjell som står framfor sola?» No forstod eg endeleg kvifor alle husa i Førde låg klistra oppetter fjellsidene.

SIST HELG køyrde vi i retning Dale, for å finne sol og sjø og andre fjell, men kvar einaste bygd har eit fjell som stenger for sola. «I Askvoll kan du sjå solnedgangen», fekk vi høyre i Dale. Morgonen etter køyrde vi dermed til Askvoll. Ikkje berre for solnedgangen, vi måtte jo oppleve denne brua alle snakka om, som hadde revolusjonert sambandet mellom kommunane!

ETTER Å HA køyrt gjennom den eine bygda meir idyllisk enn den andre – og forbi ein fleirbrukshall –  kom vi fram til Askvoll. Der fann vi sola. Her stod vi ei god stund. Før vi vende tilbake til Førde, fann vi nokre lokale heltar frå kvelden før, svoltne dalekatar som gjorde seg nytte av fri flyt mellom kommunane og søndagsopne kystkroer.

NESTE PÅ programmet for utforsking av Sunnfjord vert Florø, igjen på jakt etter sol og eit glimt av kyst og hav. Visstnok er det heilt på sin plass at vi stoppar i kunstnarbygda Vevring, og Naustdal. Eg veit ikkje om dei har ein fleirbrukshall der og, men bygda har i alle fall eit fjell. Enn så lenge.