Close

Perspektiv på livet

Del innlegg

GOD MORGON. Eg vaknar. Har fri. Kva skal eg gjere? Opnar kjøleskapet, hmm. Slår på fjernsynet, hmm. Tar datamaskina på fanget, hmmm. Det endar i siste nytt på fjesboka, med radio i bakgrunnen som vel songane sine sjølv. Valets kvalar kveler.

LIVET BESTÅR av stadige dilemma, med så uendeleg mange val. Dagane kan bli brutalt vanskelege i verda vår. Så digg det hadde vore å berre måtte kjempe for å overleve.

VI HAR VÅRE daglege kampar, det er mang ein nabo å imponere. Men når vi har det som verst kan ein undre seg over kva Harald Hårfagre hadde sagt om han kunne dradd fram ein paracet, bil, AK-47, eller berre «googla» seg fram til eit svar.

PROBLEMATISERING kan bli vårt største problem. Ting avheng av fokuset. Om ein ser på våre nymotens skjerma kan ein tru vi er nye vesen i ei heilt ny verd. Men eit menneske er så uendeleg mykje meir enn tinga som omgjev oss. Våre stamfedrar har mykje til felles med deg og meg, sjølv om ein vaknar i Burma, Sovjet, Tigerstaden eller Solund.

DET ER FARLEG lett å berre sende navle-skodande blikk over hekken til naboen. Men moglegheiter, kunnskap, verda og menneske har aldri vore meir tilgjengeleg.

FOR OSS NORDBUARAR er det å få perspektiv heilt avgjerande. Om vi vil har vi så mykje å sette pris på. Det meste kan vinklast positivt om vi skulle ønske det.

NÅR EG SNART pakkar saman her så minnast eg kjensla då eg først køyrde inn i Sunnfjord. Det slo meg kor usedvanleg flott det var med naturen utan bygg på alle kantar. Dette er verkeleg ei unik perle. Eller eit fråflytta deponi. Alt avheng av auga som ser.