Close

Tid for våte draumar

Del innlegg

EG HAR gått inn for landing og tatt spaken for ein ny vår i eit nytt distrikt. Fjorden cowboys og smalahove har blitt erstatta med Førde camping og ei intens kløe. Mannebeinet blant praktikantane i Nynorsk avissenter er på plass, og den første helga kan eg sjå fram til eit makelaust damebesøk.

VEKA VAR full av forventingar. Eg planla å ta ho imot med å reia opp til ei heit helg innandørs. Stearinlys blei handla inn og eg fylte kjøleskapet. Friske og fuktige meldingar bekrefta at ho var på veg. Utstyret ligg klart. Dette blir ei helg eg aldri vil gløyme.

DAGANE GJEKK og eg kjende ei ekstatisk skjelving i underlaget då helga endeleg kom. Eg reiste heim til campingen, sneik meg inn under teppet og venta i våryrt humør. Der såg eg lengtande ut vindauget, klar som eit ukokt egg. Dette skal bli vått og godt.

I OPPHISSA ekstase kjendest det som om tida stod stille på laurdag. Spenninga var stor, men timane gjekk og tolmodet reiv meg i stykke. Kva skjer, kor blir ho av? Utanfor inngangsdøra var det berre regn, mørke og ein vind som var slappare enn ei halvsteikt pølse på Statoilen. Då klokka nærma seg midnatt måtte eg ut på Brulandsvellene for å sjå, men det var ikkje liv å spore. Alt håp var ute. Eg kapitulerte og gjekk ned med mann utan mus.

NO HAR EG brukt ei veke på å fordøya vonbrotet. Forventingane hadde bygd seg sånn opp, men nedturen var hard. Meldingane torer eg ikkje stole på lenger, men eg klamrar meg til håpet om at Peggy, Perdis eller Petra kjem innom denne helga og gjer meir av seg. Det er i alle fall sikkert at Nina ikkje leverte som lova. Ein kjenner seg pinade snurt når denne luremusa berre beit på dei lengre nede.