Close

Vaksinert mot bokmålet

Del innlegg

EG FØLER EIN stadig aukande aversjon mot å opphalde meg over lengre tid i ein by på Austlandet. Det er ikkje tvil om kva som er «landet» mitt. Kvar gong eg har reist heim frå utlandet, har det vore direkte til Vestlandet. Dei som bur i dette flate landet lengst aust kunne like godt ha vore svenske for min del. Både kulturen og språket deira er jo heilt annleis. Kva har skjedd? Trass i at eg har opphalde meg meir dei siste ti åra i utlandet, kan det på åtte veker som nynorskpraktikant sjå ut som at eg har blitt distriktsforkjempar. Vaksineringa mot bokmål har fått kroppen til å danne antistoff.

FOR EIT PAR veker sidan sat nynorskpraktikantane i Firda og NRK rundt bordet og måtte gje rapport om korleis unge vestlendingar har opplevd å vere nynorsk-brukarar i eit Norge der nynorsken stadig minkar. Det kjendest som ei scene frå filmane og bokserien The Hunger Games, der kvar og ein måtte rapportere om krigstilstanden i dei ulike distrikta dei kom frå. Det var dystre tilstandar. Eg, med nær heile mitt vaksne liv i utlandet, hadde ikkje mykje å melde om utanom tre semester på Universitetet i Oslo som einaste nynorskbrukar på arabiskstudiet. Dei andre kunne melde om meir eller mindre nedslåande utsikter. Det står særleg ille til i Setesdal og Hallingdal, distrikt som ein gong vart rekna til Vestlandet.

 HAR «HELSESØSTER» Magni Øvrebotten vaksinert dykk mot bokmålet no? spurde sjefen vår og «fastlege» Ivar Longvastøl seinare. Vi får ikkje berre opplæring i godt språk og journalistisk handverk, vi vert meir bevisste på eigen kultur og språk, sentralisering og distriktspolitikk. Her kjem vi, med representantar frå Setesdal, Hallingdal, Haugalandet, Hardanger, Nordhordland, Sunnfjord, og Sunnmøre. Dei sju distrikta samla, klare til kamp mot dominans frå hovudstaden. Lenge leve Vestlandet!