Close

Eg vil berre gå i fred

Del innlegg

Stundom er det godt å komme seg ut døra. Berre det å ta på seg jakka og stige ut i sola ein haustleg ettermiddag, og samtidig logge av frå Facebook, kjerringa og oppvasken. Det kan ein tidsnok stri med seinare.

For det er godt å ta ein tur ut åleine. Der du kan tenke gjennom alle tinga du ikkje har fått gjort, og kanskje finne på gode grunnar som gir deg samvit til å utsette det litt til. For kanskje båten kan stå langs kaia til våren? Katten har ikkje fått mat på eit par dagar, så den kan vel vente eit par til?

– Hei!

Eg ser forfjamsa opp, og stotrar fram eit – Øh, ja, hallo, medan blikka våre møtast. På eit augneblikk har den ukjende dama i rosa jakke og åletights floge forbi meg. Eg prøver å halde fram i det same tempoet, men eigentleg er eg skaka.

– Hei!

Det skjer endå ein gong! Nok ein ULO (uidentifisert lettjoggande objekt) fer forbi. Her var eg på min eigen planet, og så heilt utan vidare kjem desse framande folka med løpetid og krenker min intimsfære og tankeverksemd.

Det leier meg til det store spørsmålet: Kor tid er det eigentleg greitt å helse på framande, når du er på tur? Eg trudde det var trygt å gå på min breie grusveg, og at det var eit klart definert vegskilje i overgangen til sti. På sti kan du helse, ikkje på tre komma tre meter brei grusveg.

Kva blir det neste? At framande helsar på meg på asfaltveg? Det skulle tatt seg ut. Eg vil i så fall ikkje kjøpe det du sel.