Close

Lyden av distriktsbyen

Del innlegg

Alle byar med respekt for seg sjølv skal bråke litt. Det skal vere litt konstant bakgrunnsstøy frå trafikk, gneldrande bikkjer og andre udefinerbare lydar. For lydnivået i ein by er ofte proporsjonalt med kor stor og utsvevande ein by er. Difor kan ein anta at det er meir bråk i Bangkok enn Bergen, på same måte som Bergen snakkar høgare enn Førde.

Difor var ikkje forventingane dei største då eg flytta til Førde etter sommaren. Ein liten, koseleg by med fjord, fjell og skog – og eit konsentrert morgon- og ettermiddagsrush. Elles sit ho lydig og stille slik det er venta av ein distriktsby.

Det gjekk likevel ikkje mange dagar før eg fann ut at det er eit sjukehus i byen. Eit helikopter (eller er det fleire?) flyg i tide og utide over byen utan å ta omsyn til at folk slappar av. Her må folk tenke seg om, for det verkar nesten som om sjuke folk ikkje ser på klokka når dei rekvirerer lufttaxi til sjukehuset. Dei kan ikkje vera heilt friske, for å seie det pent.

Så bur eg då midt i Førde, så «noko støy må påreknast», som ein eigedomsmeklar ville sagt det. I same annonsen kunne han likevel skrive at eg er kommen til Norges rånehovudstad og har utsikt mot «rånestripa».

Det er greitt at ein vil ned «å henge på Best-en», men må det skje som organisert turnusarbeid med dundrande bass? Om klokka er fire på dagen eller fire på natta verkar ikkje å utgjere nokon forskjell for Sunnfjords rånemafia. Og høyrer ein ikkje at ei baconpølse sit fast i eksospotta!? Ta dykk ein bolle.

Men når eg får tenkt meg om, så verkar eg gjerne litt sutrete. Litt helikopterstøy og råning må eg då tole viss eit liv kan reddast, eller når ein bygdeungdom frå Fjaler kan få «rast frå seg»? Heime i Bergen har vi bogekorps og skingrande stemmer. Og det har eg lært å sette pris på.