Close

Oktoberknekken

Del innlegg

Oktoberknekken er den tilstanden ein finn seg sjølv i dei første to, maks tre, vekene i oktober. Det er då alle rutinar bryt opp. Ein har vorte så komfortabel i kvardagen at ein gir slepp på dei stramme rammene ein har bygd opp. Når latteren i lokalet er lausare, og stega hardare og meir bestemte, det er då du er mest utsett. Ikkje gå i fella. Ingenting er nokon gong så uformelt at du kan gi slepp på vanane.

Komfort er den verste fienden. Når oktober er nær, kjenner eg det med ein gong. Eg finn meg sjølv i å slumre alarmen ein halvtime lenger enn eg burde om morgonen. Står gjerne litt for lenge framfor spegelen og vurderer om det faktisk er greitt å forlate huset i crocs og joggebukse. Og så utset eg ting. Slik som denne teksten – den skulle eigentleg vore skriven for fleire dagar sidan. Dette er dei første teikna.

Ta deg saman, bank i bordet.

Oktoberknekken må ikkje forvekslast med ein typisk haustdepresjon. Dei utviklar seg ganske likt, men har heilt ulike utfall. Knekken er over når oktober er over. Om ikkje burde du vurdere å oppsøke hjelp. Det einaste rådet eg har, er å jobbe deg igjennom den på best mogleg måte. Når eg seier det, meiner eg sjølvsagt å site heilt stille og ikkje gjere noko. Knekken lammar ein, det må ein berre godta.

Nokre merkar kanskje denne knekken andre gongar i året. Januar, eller kanskje ein og annan søndag. Det varierer. Men med meg fell den alltid på månaden oktober. Derfor gav eg tilstanden min namnet oktoberknekken, slik eg har ei unnskyldning når nokon spør meg kva som er gale. «Det er berre knekken, kom tilbake i november.»