Close

Språket gjer meg sterkare

Del innlegg

Nokre gongar når eg set meg ned og skal skrive, må eg byrje dei første linjene på bokmål. Akkurat slik som ein norsk artist vel å synge dei djupaste kjærleikslåtar på engelsk, må også eg framandgjere meg litt frå språket mitt. Berre for å kome i gang. Då kjennast det ut som det er nokon andre som seier det – det er ikkje like skummelt. Så hoppar eg i det og skriv det om til nynorsk, og med eitt føler eg meg som verdas tøffaste person.

Hemingway sa ein gong: «There is nothing to writing. All you do is sit down at a typewriter and bleed.» Dramatisk nok kan det stemme.

Eg har ofte tenkt på kvifor det er slik. At eg nokre gongar vert redd for å skrive mitt eige språk. Korleis eg plutseleg føler meg så blottlagt. Eg tenkte ikkje eingong over kva nynorsk var før eg fann ut at ikkje alle andre skreiv det. Ei oppdaging som både var litt trist og litt fin. Fin fordi eg såg på målet mitt som mitt eige, og likte å ha det for meg sjølv. Trist fordi ein ofte vart så altfor åleine i det.

Vi får alle ein slags identitet gjennom målforma vår. Men eg trur spesielt dette gjeld nynorskbrukarane. Fordi vi ofte får spørsmålet: Kvifor skriv du nynorsk?

Eg har aldri spurt ein bokmålsbrukar dette. For eg har aldri tenkt på målformene som berre ord og bokstavar. Tenkjer eg på nynorsk, tenkjer eg på huset eg vaks opp i, bygda mi, og på alle menneska eg er glad i som held til der.