Close

Språkleg sidesprang

Del innlegg

For nokre år tilbake trudde ein kar frå Knarvik at han var komen til det punktet som kameratane hadde passert for lengst: at nynorsk ikkje var kult lenger, bokmål er best og trass alt eit språk alle forstår. At Bergen og bokmålet sluker strilane og omlandet var ikkje berre ein flåsete metafor lenger.

Universitetet venta, og han sto overfor eit val: strilen valde der å hake av for «bokmål» når målform for eksamen skulle veljast. «Pytt pytt, eg er jo like stø i bokmål og kvifor ikkje følge straumen?» tenkte han for seg sjølv.

Han bestemte seg for å prøve det ut et semester, så fra den dag skulle alle besvarelser og innleveringer komme på bokmål. Likevel var det noe som ikke stemte, for gang på gang merket han at halvvegs ut i setningar så byrja han å legge om til nynorsk. Selv om han prøvde å holde seg konsekvent, kom dei nynorske ordvala og vendingane stadig inn og krydra tekstane. Hva er det som skjer? tenkte han. Det var då han starta å innsjå tabben: han skulle aldri ha forlate nynorsken, for den hadde grodd fast i hjarta hans.

Så frå den dag gjekk han tilbake til å skrive konsekvent nynorsk. Også då eksamensdagen kom. Sensor var tydelegvis einig i det valet, for han sette karakteren B, sjølv om han tok for seg ei oppgåve som var skriven på særs dårleg bokmål …