Close

When in Sunnfjord…

Del innlegg

Som student i Bergen kan du ikkje unngå dei. Dei er nærmast overalt, og verkar som nokre gløgge hovud med lun dialekt og glimt i auga, stort sett. For ein kan rett og slett ikkje mislike desse sogningane …

«Ka sa du for nåke?! Eg e frå Sunnfjord!». Eg snur meg – og ser brått ein kvesande okse som står mot meg og trampar i bakken. Han er tydeleg irritert over noko. Eg ser meg kjapt omkring: nei, eg er ikkje i Pamplona – eg står på Festplassen i Bergen – og eg har ikkje kledd på meg raude gardiner, heller. Eg ser nøye på det illsinte kveget, då eg plutseleg skimtar teikn til at oksen faktisk er den vanlegvis så sindige studiekameraten min frå Førde.

«Eg e ikkje sogning, din tulling. Eg e frå Sunnfjord» gjentar oksen medan han viftar med horna sine. Eg kan ikkje anna enn å roe dyret ned: «Så, så Dagros … kva var det eg sa feil?».

Det er då eg innser det: Det handlar ikkje om hissige «sogningar», men om identitet. Kor mange gongar har ikkje eg blitt kalla bergensar? Eg er stril, for søren. Fillesak for andre, eit spørsmål stoltheit for meg.

Sidan har også eg lært litt om sogningar, sunnfjordingar og nordfjordingar. Likevel har eg halde fram med å kalle alle frå fjordfylket «sogning». Litt på pur, men mest fordi det betyr «person frå Sogn og Fjordane» for folk flest i Hordaland. Vi forenklar og generaliserer. Jepp, vi er arrogante – men det er sikkert du også iblant.

Så spørst det korleis det skal gå no som eg har flytta til Sunnfjord. Førebels har eg redda meg inn ved å føye til « … og Fjordane» når eg har brukt «Sogn» om lokale forhold i Sunnfjord. Før eller sidan må eg trø feil, og då vil lokale oksar stå klar for å kveste meg. Enn så lenge må eg tenke: «When in Sunnfjord …»