Close

Basar på bygdehuset

Del innlegg

Det er basar på bygdehuset. Sveler blir steikt i eit forrykande tempo. Eimen av kaffi ligg som eit teppe av tåregass. Latteren ljomar i veggane som eit fjell som lagar ekko av alt det som blir fortalt. Kvar og ein deler seg sjølv med bygda.

Gamle Gunn sit saman med ein gjeng jamaldringar og slarvar. Når dei andre snur seg vekk dreg ho ut ei lita flaske frå innerlomma. Den var svak denne kaffien. Kan ikkje skade å sprite han opp litt.

Ved eit bord midt i lokalet sit Torvald. Han er far til to, og hardtarbeidande lærar. Borna masar om at han skal kjøpe kaker og brus til dei. Torvald fekk løn i går, men har likevel tom lommebok. Han stod ved speleautomatane på butikken fram til stengetid.

Thea er saman med venene sine på basaren. I går feira ho 13-årsdag. Kake då, sveler no, kva med i morgon? Ho tek ein bit, to bitar, tre. Går deretter målretta mot toalettet. For kvar rørsle ho gjer gnissar knokar mot klesplagg.

Han der er utru. Ho med parykken har kreft. Borna som leikar har så lurvete klede. Mora er arbeidslaus, veit du vel. Ser du dei med skinnjakke? Ikkje eg heller. Dei sit nok inne no.

Alt dette veit eg fordi bygdedyret stod i hjørnet av lokalet. Bygdedyret stod midt i lokalet. Bygdedyret styrte lokalet.

– Velsigna vere den som klarer å kontrollere lastene sine, seier bygdedyret.

– Velsigna vere den som kan kontrollere lastene dine, svarar eg.

«Bygdedyret stod i hjørnet av lokalet. Bygdedyret stod midt i lokalet. Bygdedyret styrte lokalet.»