Close

Derfor vil Ivar bli journalist

Del innlegg

Kva heiter du på nettby.no? Det var dette spørsmålet som lokka meg inn i sosiale medium, ein gong tidleg på 2000-talet. I frykt for å tilstå at eg enno ikkje var del av dåtidas fjesbok, svarte eg med eit eller anna kallenamn som berre ein kriseramma sjetteklassing kan lire av seg, og hasta deretter heim for å opprette ein nettby-profil med same namn.

Mykje har skjedd sidan den gong. No er ikkje sosiale medium berre for fnisete born på mellomtrinnet. No er alle sine eigne redaktørar. På nyhendestraumen ser vi bilde frå fjellturen til mormor side om side med trutmunnsjølvi frå nabojenta. Giftarmål, jobbskifte og 50-årsdagar har ikkje skjedd før dei er dokumenterte til siste kakestykke på Facebook.
Dokumentasjonsplikta er ikkje lenger berre for helsepersonell.

Journalistikken i 2016 ber preg av desse tendensane. Aviser kastar seg inn i sosiale medium og legg ut heite saker som åte, i håp om at vi klikkar oss nysgjerrig inn på nettstaden deira. «Derfor bør du ikkje ete banan» eller «Du vil ikkje tru kva Grotle gjorde» er oppdikta, men typiske døme på overskrifter som stadig vekk dukkar opp i den nye nettjournalistikken.

Vegen vidare for journalistikken er ukjend. Sjølv om yrket er pressa og framtida uviss, vil eg vere med på reisa og forme framtidas saker. Eller kanskje eg ein gong vert den som gir deg dårleg samvit for å ete banan?